Verdikonservativt?

Lesarinnlegget tek opp striden mellom Venstre og Høgre om verdikonservatisme og religion i skulen, og stiller spørsmål ved om norsk politikk i dag er i ferd med å nedprioritera den kristne kulturarven samstundes som andre religiøse uttrykk får større plass. Forfattaren meiner samfunnet treng ein tydelegare verdikonservativ motvekt i møte med det han skildrar som kulturelt forfall og inkonsekvent liberalisme.

Av: Svein Grødaland.

Vesle Venstre tykkjer at Høgre er blitt i overkant verdikonservativt. Det er ikkje bra. Meiner Venstre. Ein gong i tida, i mine litt yngre år tykte eg at det var fint med Venstre sin sosialliberale profil. Det er ei stund sidan det. I dag har det liberale «never mind», vannari på godt jærsk, gjennomsyra samfunnet i så destruktiv retning at det trengs med ein verdikonservativ motpost. Endeleg eit positivt bidrag frå Høgre si side. Det partiet har i alt for lang tid lete blårussen og økonomisk liberalisme rå grunnen.

Les også:  Iran er de pedofiles paradis

Mennesket er eit sosialt vesen. Alle sosiale vesen har innebygd eit sett reglar medlemmene må halda seg innanfor. Dei har i tillegg sanksjonar mot den som bryt reglane.

Det er miljø som snakkar om vestleg dekadense, forfall. Oppløysing av sed og skikk, gamle normer. Woke-rørsla er det fremste symbolet på dette forfallet. Eg treng ikkje gå i detaljer, dei flest oppegåande menneske veit kva dette handlar om.

I denne saka har usemja mellom Venstre og Høgre sitt utgangspunkt i diskusjonen om kor vidt skulen skal bidra til skulegudstenster eller ikkje, og kven som skal ta avgjerda.

Les også:  Rasetenkning i irsk nasjonalisme

Sett litt på spissen: Fins det ein logisk samanheng mellom å lyfta fram Islam og deira høgtider, med medieoppslag om Ramadan og liknande, samstundes som ein legg hindringar i vegen for den kristne kulturen, i kortform skulegudstenster? Eller neglisjerer kristne kulturuttrykk? Nokre miljø på venstresida ser ikkje eigen inkonsekvens her.

Eksotisk? Javisst. Det er likevel snakk om favorisering av ein framand religion, med andre verdiar enn våre. Nokre av dei kollidrer med woke-ideologien ved at det same miljøet hyllar både Islam og Woke. «Både og» har inga meining her.

Ei løysing er å seia, som sant er, at Norge i dag langt på veg er eit sekulært samfunn, utan ein felles religion. Eit steg i den retninga var vedtaket om å avskaffa statskyrkja og erstatta den med Den Norske Kyrkja. DNK.

Les også:  Norgesdemokratene annonserer Hilaire Bouyé som taler

USA er i prinsippet ein sekulær stat. Det hindrar ikkje amerikanarar å vera svært så religiøse, i den grad at politikken må ta omsyn til dei for å vinna valg.

Norge (og Europa) er i praksis langt meir sekularisert enn resten av verda.

Eg kan lika tendensen til at ungdommen i større grad enn før søker til kristne samanhengar. Det eg likar mindre, er at mange søker til karismatiske retningar der dei vert overfora med andeleg begeistring og stor ståhei. Folk kan gå trøytt og etter kvart ta avstand frå det dei har vore med på.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå