Venstrevridd politikk?

Kva rolle skal kristne spela i politikken og kvar går grensa for kva som høyrer heime i kyrkjeromet? I dette lesarinnlegget tek forfattaren eit oppgjer med både presteskapen si opning mot islam, frikyrkjeleg splitting og venstresida sitt grep om det kyrkjelege ordskiftet. Med eit blikk for tradisjon, teologi og politisk utvikling, vert det stilt spørsmål ved kva slags politisk engasjement som eigentleg tener kristendommen og kva som undergrev han.

Av: Svein Grødaland.

Skal ein i kraft av å vera kisten engasjera seg politisk? Akkurat nå er konservative kristne og den politiske høgresida ein smule i harnisk fordi prestar har lese høgt frå Koranen i kyrkjeromet. Eg noterer eg med ein viss interesse at her er det både kvinneleg prest og kvinneleg biskop. Eg kjenner på at katolikken i meg rører på seg. Det går ei grense for kva som skal inn i kyrkjeromet. Sansen for dei lange linjene og tradisjonen vert ofra på modernismen sitt alter. Det er om å gjera å halda seg inne med tidsånda. Frikyrkjene er heller ikkje eit alternativ. Dei har gitt etter for andre tidsånder. Det ligg mykje kristeleg og uverdig strid bak dei mange «frikyrkjene».

Les også:  [Langlesning] Befolkningsutskiftningen er her – vil demokratiet overleve til neste valg?

Ein kan og spørja seg om dialogen mellom Islam og Kristendom går vel langt i å anerkjenna Islam som likeverdig dialogpartner. Eg har vore til stades på eit slikt dialogmøte. Det var lite dialog, og mykje politisk smisking frå vår side. Eg vil ikkje kalla det møtet spesielt vellukka dersom målet var å få muslim og kristen til å prata saman, gjerne over ein kaffikopp ved kjøkkenbordet.

For det første: Eg er samd med dei som reagerer. Kristendom og islam er diametrale motsetningar, både teologisk og praktisering av sin religion. Sjølv om Jesus og dei gamle patriarkane har ein plass i Koranen, er vektlegging og posisjon svært ulik. Islam er ein lov- og regelreligion, med vekt på lydighet. Islam anerkjenner heller ikkje Jesus som den har er i fylgje Bibelen. Der er Jesus berre ein profet, ein mindre viktig profet enn Muhammed. Men Jesus var noko meir. Islam har meir til felles med klassisk jødedom enn med kristendommen. Heller ikkje jødedommen aksepterer Jesus som Messias.

Les også:  5. juni 2025: Musk slår til, Trump svarer

Kyrkja har både ei sosial og diakonal oppgåve i samfunnet. Jesus sitt ideal var å identifisera seg med dei som sto lågast på samfunnstigen, tollarar og syndarar. Når han åt i lag med desse, var det eit signal til omverda om at han identifiserte seg med desse, ofte til stor protest frå den religiøse eliten. Kristne sitt sosiale engasjement kan oppfattast som at Kyrkja tek parti med venstresida sine ideal.

Kristne, både aktive politikarar og veljarane deira har i stor grad identifisert seg med den politiske høgresida. Kristne kampsaker har lettare fått gjennomslag på borgarleg side i politikken. Kristne (eg brukar med vilje ikkje ordet Kyrja her) sine kampsaker, som abortsaka, kontantstøtte til foreldre, kristne friskular har først og fremst møtt motstand frå venstresida. Høgresida med si vekt på den personlege fridommen, har gjennomgåande støtta desse sakene.

Les også:  Imperialisme

Ei tredje sak er at kristne i stor grad har stillt seg på Israel si side, uansett kva denne staten har funne på. Ikkje eingong krigen mot Gaza ser ut til å ha endra på dette. Også dette er eit politisk engasjement, med klare religiøse undertoner. Dei ser på Israel sin eksistens som uttrykk for Guds vilje, og kan derfor ikkje vera med på å kritisera ein politikk, sjølv om den er svært aggressiv for tida.

Når ulike fløyar kritiserer Kyrkja for å vera vridd politisk, er kanskje tida inne til å sjå litt på sine eigne utspel. Ja, Kyrkja kan med fordel opptre politisk når det støttar opp under Kyrkja sine fullmakter, forkynning, diakoni og sosialt arbeid. Annan politikk fell utanfor Kyrkja sitt mandat som Kyrkje. Det skal ikkje hindra kristne i å driva politikk etter beste skjønn, til beste for samfunnet.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå