
Valet er over, men lite nytt ligg på bordet, skriv Svein Grødaland i dette lesarinnlegget. Han meiner Europa har svekka seg sjølv med grøn politikk og militære eventyr, medan Noreg blindt bind seg til NATO og EØS.
Av Svein Grødaland.
Valget er over. Fasiten ligg på bordet. Her er lite nytt. Støre og Arbeiderpartiet legg opp til business as usual. Styra etter eige program. Det er i grunnen litt arrogant når han treng støtte frå minst fire andre parti. Slikt sikrar politiske kommentatorar gode tider.
Utanrikspolitikk har knapt vore tema dei siste månadane. Det er synd. Våre ambisjonar utanlands er så kostbare at det går ut over våre eigne. Det er ei grense for kor lenge folk vil finna seg i at me sløser vekk store summar på ein totalitær stat som Ukraina.
Ukraina kan verta den vesle tua som veltar det store lasset. Grøn politikk, krig og migrasjon har destabilisert Europa. Mektige land som Tyskland, Frankrike og England har øydelagt både økonomi og eiga framtid ved tankelaus satsing på krig.
Var det musa som peip, når EU vil engasjera sine medlemsland i kampen mot Russland?
***
Skal me gå til krig for å hindra krig? EU syslar med tanken på å senda soldatar til Ukraina for å stansa krigen og hindra at det bryt ut ny krig. Har dei ikkje fått med seg at ein EU-soldat inne i Ukraina er å rekna som legitimt mål for russisk angrep?
I denne samanhengen er ikkje EU anna enn spurv i tranedans.
Janne Haaland Matlary plasserer halen på rett plass på grisen. Aldri har eg høyr ei så realistisk vurdring i main steam media av verdssituasjonen:
– Før var Europa ein aktør i det globale brettspelet. Nå er Europa redusert til å vera brettet, seier ho til Helgenytt. (NRK)
I klartekst: Når sentrale europeiske politikarar snakkar om krig og tryggleiksgarantiar, er det spel for galleriet. Dei må vera klar over at ingen tek dette på alvor, aller minst den som er peika ut som fiende.
Likevel slår vår statsminster fast at vår utanrikspolitikk baserer seg på Nato og EØS. Spørsmålet er kva som raknar først av desse to? Då har me bygd vår politikk på sand, som det heiter i Boka.