
I ei tid der Midtausten står i brann og Israel er i konflikt på fleire frontar, reiser Svein Grødaland spørsmålet få vågar å stilla: Kan Israel i det heile tatt vinna ein krig mot Iran? Med utgangspunkt i landets geografiske og demografiske avgrensingar, vestleg våpenavhengigheit og ein meir kompleks iransk samfunnsstruktur enn mange trur, utfordrar han det rådande narrativet og peikar på faren for at medieoppmerksamma krigar også kan vera eit røykteppe for noko anna.
Av: Svein Grødaland.
Kan Israel vinna ein krig mot Iran? Ein del miljø ser ut til å tru det. Andre er ikkje fullt så sikker.
Nok ein gong brukar eg tastaturet til å rydda tankar.
Israel er eit geografisk lite område med i underkant av ti millionar menneske. Israel reknar med å få våpenhjelp frå USA. Utan USA er Israel ingen ting, militært sett.
Også Iran har mektige allierte. Det som verre er: Krigen i Ukraina har vist at Vesten sin kapasitet til å produsera våpen er mindre enn motparten. Faren for at Israel går tom for anti-luftskyts er stor dersom krigen dreg i langdrag. Israel har korkje tid eller råd til det. USA har neppe kapasitet til å fylla opp våpenlagra i lengre tid.
Så dukkar det opp informasjon om at Iran er eit meir samansett land enn det me trur. Også minoritetene har plass i nasjonalforsamlinga. Til dømes. Er me offer for propaganda mot Iran?
Nå har Israel krig på fleire frontar: Gaza, Libanon, Syria og nå Iran. Kor lenge er Israel, sjølv med støtte frå USA, i stand til å halda desse frontane ved like? Det vil alltid vera veike punkt ein fiende kan utnytta. Kva med Houtiane i Jemen? Kva med shia-muslimar andre land enn Iran? Vil desse engasjera seg på Iran si side? Kan USA halda seg interessant nok til å hindra eit utvida engasjement på Iran si side frå land som Saudi Arabia?
Israel har som mål å skifta ut regimet i Iran. Har USA og ein plan, med ein rosa-revolusjon, i scenesett av CIA, med tanke på å erstatta dagens regime med eit vestleg orientert, slik som i Shahen si tid? Spørsmålet står ope.
Og så dette: Når katten er borte, dansar mysene på bordet. Katten i dette tilfellet er media som rapporterer frå Gaza, Vestberedden, og i grenselandet mot Libanon og Syria. Kva skjer der når alle sitt blikk er retta mot Iran? Kan invasjonen vera det eg kallar ein daud katt på bordet, som fjerner blikket frå andre, meir følsomme saker?