Ulikt perspektiv?

I dette lesarinnlegget deler Svein Grødaland tankar om identitet, heimstad og politiske verdiar, og stiller kritiske spørsmål ved kven som eigentleg blir representerte i dagens politiske leiarskap.

Av: Svein Grødaland.

Min bakgrunn er med og definerer kven eg er som menneske. Norge er eit stort og samansett land, rekna frå Lindesnes til Nordkapp. Heimstad og bakgrunn er med på å forma oss som menneske, både av lynne, religion, legning og politiske preferanser. Med legning meiner eg ikkje seksuell preferanser. Begrepet er vidare enn som så. Det handlar mellom anna om kor vidt eg er teoretikar, praktikar, introvert eller ekstrovert.

Mitt perspektiv er den introverte teoretikaren. Eg er observatøren, den som ser, tenker og deler det han ser. Eg kan bruka det skrevne ord, eller pensel og palett.

Det var ein aldri så liten siger då ein eller annan kollega snudde eit bilete med baksida ut. Innhaldet var provoserande. Eg hadde formidla eit innhald.

Les også:  2025: Et år med interregnum

Legg til oppveksten på garden, der barnehage var eit framandord, der allslags andre bøker enn skulebøker fanga interessen.

Eg hadde ikkje peiling på livet i sentrum, ein oppvekst der i lag med dei andre ungane. Eg var ungdom før eg vart kjend med jamaldringar frå byggefeltet.

***

Det er klart at dette har bidrege til å forma meg til den eg er. Eg kan rista på hovudet over viltre forslag frå ytre venstre, var sjølv medlem i Raudt ei tid. Eg han nikka beekreftande når Senterpartiet snakkar om å ta vare på bygda, for det er der detvert skapt, som held oss oppe. Byen skaper ingen ting, den berre forvaltar og administrerer. Det gjeld spesielt den byen der dei tre leiarkandidatane til Høgre held hus. Vil desse tre noko gong ta utkanten sitt perspektiv? Vil dei to homsane kunna kjenna på kva utfordringar som ligg skule og barnehage? Vil spesialist på utanrikspolitikk ha peiling på det som skjer ute på landsbygda? Vil ho engasjera seg, Eller vil ho ha nok med Washington og Brüssel?

Les også:  Jon Helgheim: – Det er innvandringen som driver ungdomskriminaliteten

***

Me røystar på parti, alt etter kva partia fortel oss er viktig. Det fins andre perspektiv enn partigrensene. Ei anna grense går mellom dei som er mest opptekne av det globale fellesskapet, sett opp mot dei som har mest fokus på det som skjer her heime. Me har dei verdikonservative sett opp mot dei progressive og «nytenkjande». Me er farga av vår generasjon og vår bakgrunn, korleis ting var den gongen me vaks opp. Kva verdiar formidla foreldra våre? Var dei hund og katt, eller hadde dei eit harmonisk liv i lag. Var dei positive til det meste, eller var dei bitre og misnøgde?

Les også:  Hvem står bak Den store utskiftningen?

***

Det er ei håplaus oppgåve å skapa eit parti, eller ei nasjonalforsamling som kan representera oss alle. Nokre parti prøver med å sikra både kvinner og menn ein rimeleg grei fordeling. Andre bryr seg ikkje, som dei to store som berre har by-folk i leiinga. Det eine, som i teorien skulle representera folk flest, er styrt av tre samfunnstoppar, med solid avstand til folk flest, born av the Upper Class.

Det er ei kjent sak ute på landsbygda at slike folk ikkje forstår så mykje. Dei kan berre teorien. Som han sa det, min gamle redaktør; me skulle ha nye folk i redaksjonen: Dei er greitt dei kan mykje, men skjønner dei noko? spurde han retorisk. Dei gjorde nok ikkje det.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå