Torbjørn Egner tok feil

Me trur at alle vil bli som oss; frie, tolerante og moderne. men russland vil ikkje ha våre verdiar, og det er ikkje berre putin si skuld. I dette lesarinnlegget dreg Svein Grødaland fram dei djupare skiljelinjene mellom aust og vest og spør om det kanskje er vi som har mista kompasset.

Av: Svein Grødaland.

Egner har ein song der han konstaterer at folk kan vera både kvite, gule, brune og svarte. Meget er forskjellig, syng han. Men det er utanpå.

Sjølvsagt trudde eg på dette i barndommen. Det høyrdest så riktig ut. Me har framleis ulik hudfarge. Me kjem frå ulike land. Godt og vel så langt.

Det er ein del snakk om det russiske nå om dagen. Russararane er kvite og kristne, akkurat som oss. Då er dei som oss, trur me.

Les også:  [Langlesning] Et forsøk på å forstå mennesket og Israel-Palestina-konflikten

Me kan byrja å nøsta litt. Den ortodokse kyrkja spelar ei viktig rolle i det russiske samfunnet. Russaren er grunnlegjande religiøs. Han er verdikonservativ. Han ser til dømes på våre pride-opptog som eit teikn på dekadense og forfall. Protestgruppa Pussy Riots spelar uhemma på dette ved å trø på dei russiske verdiane. Dei kan til og med verta litt voldsomme, sjølv for oss.

Oppslutninga om kyrkja gjekk drastisk ned i Sovjet-tida. Då Sovjet, les kommunismen, kollapsa, steig oppslutninga om den russiske kyrkja frå under femti prosent til rundt åtti prosent. I dag er kommunistpartiet eit lite, men lovleg registrert parti. Dei stiller til valg, og er med på å dela den vesle potten som er att etter at det statsberande partiet har teke det meste.

Les også:  [Langlesning] Den amerikanske dypstaten ble født i England

I Sovjet-tida var det ein populær aktivitet for kristne i vest å støtta opp under dei uregistrerte kyrkjene bak jernteppet. Det slo meg etter kvart at desse kyrkjene hadde ein ting til felles: Dei hadde vestleg / amerikansk opphav. Dette såg russarane på som svik mot den russiske tradisjonen.

Russarane vil ikkje ha våre vestlege verdiar inn i landet. Det strir mot deira natur. Så fins det sjølvsagt opposisjonelle som vert feira i vest og haldne nede i aust. Ein grunn til det kan vera at dei prøver å støtta seg på vesten.

Det sjølvsagde: Russland er ikkje noko fullkome samfunn. Mangt kan bedrast på. Putin sitt bidrag har vore å lyfta både økonomi og levestandard etter katastrofen og USA-lakeien Boris Jeltsin. Derfor har Putin hatt ein solid plass i det russiske folket. For dei er dette systemet demokrati godt nok.

Les også:  [Langlesning] Befolkningsutskiftningen er her – vil demokratiet overleve til neste valg?

I boka om å gjera ein forskjell drøftar Jonas Gahr Støre dette paradokset: Menneskerettar og demokrati vert oppfatta på vidt forskjellige måtar rundt om på kloden. Me legg vekt på frie ytringar, kinesarane legg vekt på mat på bordet for å seia det enkelt. Russarane er heller ikkje lik oss i tankegang og verdisyn.

Dette forklarer kanskje kvifor dei ukrainske russarane hadde så mykje imot å orientera seg i retning eit Europa i moralsk forfall. Mange av desse flykta til Russland, rundt ein million seiest det. Ukraina er eit land med så mykje sprik at det er bortimot umogleg å halda det saman som eit samla folk.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå