
Drivstoffdebatten viser kor langt det er frå teorien i Oslo til kvardagen på Vestlandet, meiner Svein Grødaland. Medan Støre snakkar om kjøpekraft og lange linjer, treng fiskarar og anleggsbransjen tiltak her og no. Grødaland etterlyser politisk handlekraft og større forståing for røyndomen utanfor hovudstaden.
Av Svein Grødaland.
Det slår meg når eg ser debatten, spesielt den om prisen på drivstoff, at det ikkje berre er menn og kvinner som er frå Mars og Venus. Det gjeld også politikarar. Når Støre og Listhaug diskuterer avgift på drivstoff, snakkar dei rett forbi kvarandre, utan tanke på å gå inn på den andre sine røyndom. Den eine snakkar klokt om lange linjer, og at situasjonen slett ikkje er verre enn før. Målt i kjøpekraft er til og med diesel og bensin billigare i Norge, samanlikna med mange andre land. Problemet er at anleggsbransjen ikkje har oppdrag, seier Oslo sin mann. Han vert støtta av det naive klimafolket, som ser seg blinde på tal og statistikk, utan tanke på at kostnaden ved klimatiltak kanskje er langt større enn verdien på ein eventuell klimagevinst.
Vestlandet derimot er tett på både fiskeri og anleggsbransje. Fiskaren i Eigersund går heller til utlandet for å bunkra. Fleire kroner literen betyr noko.
Vestlandet, ved Sylvi Listhaug går rett i kjernen på situasjonen. Der er her, her og nå. Den krev tiltak, her og nå.
Nå har Støre styrkt regjeringa med fleire teoritunge austlendingar. Det lovar ikkje godt for framtida.
Heldigvis held Kari Nessa Nordtun fram som skulestatsråd. Sjølv om det bles kaldt i norske skulegardar. har ho vist ei handlekraft som er uvanleg for ein statsråd. Me får vona at ho kan snu på ein del politiske mistak. Idealisme er slett ikkja alltid av det gode.
Foto: Det enkle er ofte det beste.