
To væpna menn i tjueåra banka på feil dør i Klepp og skremde livet av bebuarane før dei stakk av. No melder NRK at politiet har gitt dei «tilbod om å verta avhøyrt». Kva slags praksis er dette? Mange spør seg no kva som eigentleg låg bak og kvifor handhevinga av lova verkar så lempeleg når trusselen er så alvorleg.
Av: Svein Grødaland.
To menn i tjueåra får tilbod om å verta avhøyrt av politiet. Det er NRK som melder dette. Dei to har utstyrt seg med våpen, og banka på døra til ein bustad i Klepp (Rogaland). Det viste seg å vera feil dør og feil mann som sto i døropningen. Dermed stakk dei av. Soga seier lite om kva som var det verkelege målet. Dei som fekk besøk, er naturleg nok prega av å verta møtt med våpen då dei opna døra.
Karane vart etter kvart tekne vare på av politiet. Så får dei tilbod om å verta avhøyrt. Tilbod?
I mi verd er det heilt naturleg å ta eit avhøyr av folk som viftar med våpen på den måten. Kva kan grunnen vera at dei berre får tilbod om avhøyr? Er det sosionom-politiet som er ute og går? Er det etnisiteten som avgjer kva politiet skal gjera? NRK er nokså ordknapp omkring detaljene.
Nordmenn er ikkje det same som nordmenn. Det er ikkje å stikka under ein stol at ein del innvandrarar har med seg ein kultur og tankegang som er svært ulik vår. Statistikk viser at desse er overrepresenterte i fengsla våre.
Dette er ikkje bevis for at det var to av desse som var ute med våpen. Mitt poeng er det, at slike episodar får folk til å spørja seg kven og kva det er, kva som skjer? Det er minst like stigmatiserande som å vera open om kven og kva.