
Høgre og SV taper oppslutning medan gamle stridssaker blir blåste til live igjen, og veljarane svarar med skepsis og fallande tillit. I dette lesarinnlegget blir både EU-debatt, klimapolitikk og landbrukssubsidiar brukt som døme på eit djupare problem, nemleg at demokratiet stundom gir rom for avgjerder som kan undergrava både styringsevne og langsiktig ansvar.
Av: Svein Grødaland.
Høgre skal markera styrke og fornying ved å kjøra debatt om EU-saka. Veljarane betaler partiet med å gje dei eit par prosentpoeng redusert oppslutning. Bra. Ine-effekten? Meir av det same kallar neppe på den store begreistringa. Ine er turr og sakleg. Politikk som berre appellerer til jubelen, er heller ikkje bra.
Også SV går dramatisk tilbake. Er det god politikk å satsa på tapte saker, som klimasaka? Folk som er ei smule orientert, ser etter kvart klimabløffen. Det hjelper ikkje med samstemde forskarar og taleforbod for dei som stiller spørsmål. Programleiar Fredrik Solvang sa det rett ut i sitt siste program: Dei som stiller kritiske spørsmål ved klimasaka, får ikkje sleppa til i debatten. Takk for det, Fredrik. Indirekte seier du at klimasaka ikkje står seg mot kritiske blikk. Det fins ikkje global oppvarming. Talet på isbjørn i Arktis aukar, vert det sagt frå den andre sida.
Landbruket hadde nyleg ei skrekkmelding: Litt over halvparten av veljarane var mot offentleg støtte til landbruket. Tilgje dei, for dei veit ikkje kva dei snakkar om. Subsidiene er der for å halda prisane på norsk mat nede, og produksjonen oppe. Også bønder skal ha ei inntekt å leva av. I dette tilfellet kan demokrati, eller fleirtalsvedtak, vera øydeleggjande om slike tankar skulle vinna fram. Av og til må vaksne gripa roret og fortelja uansvarlege ungar korleis ting heng saman. Problemet er at ein del av dei vaksne heller ikkje veit bedre. Då får me dårlig politikk.
***
Her er me inne på det demokratiske paradoks: den demokratiske retten til å øydeleggja demokratiet. Folk veit ikkje sitt eige beste. Folk ser ikkje dei store samanhengane, at ein pluss den eine staden fører til minus ein annan stad. Dette gjeld på alle plan, frå vår eigen private økonomi til nasjonaløkonomien. Den dagen folk forstår dette, vil dei byrja å stilla spørsmål; Kor skal me redusera for å skaffa pengar til ei anna sak?