
Ungarns valresultat vekkjer sterke reaksjonar i Europa. I dette lesarinnlegget meiner Svein Grødaland at tapet for Viktor Orbán svekkjer den politiske motvekta til EU, og reiser samstundes spørsmål om både demokratiet i Europa og den norske støtta til krigen i Ukraina.
Av: Svein Grødaland.
EU jublar over valget i Ungarn. Nå er det ein stat mindre som ikkje tek alt frå EU for god fisk. Victor Orban har mellom anna blokkert løyvingar til krigen i Ukraina. For meg har han representert fornuften i eit Europa, opphissa av tanken på krig.
I dette innlegget ser eg vekk frå skuldingar om korrupsjon, vanstyre og nepotisme internt i Ungarn. Dersom dette stemmer, kan eg forstå kvifor Ungarn har røysta som dei gjorde.
Det er framleis knytt ein del spørsmål omkring den nyavlde Peter Magyar. Kva linje vil han leggja seg på overfor EU? Pr i dag ser det ut at han vil føra Ungarn tilbake til den store gruppa av lydige under EU. Det er i så fall eit tap for det europeiske demokratiet. Eit fungerande demokrati treng ein opposisjon som fungerer.
EU har framleis ein snev av opposisjon. Både Tsjekkia og Slovakia har ved nokre høve talt Brüssel midt imot for å referara til vår eigen nasjonalsong. Den gongen handla det om norske kong Sverre. Han talte Roma midt i mot.
Det er synd å måtta seia det: Skulle Norge vera så uheldige at me vert fullverdige medlemer av unionen, er det neppe ein einaste politikar som har guts til å ytra kritiske spørsmål. I så måte er våre folkevalde reine saueflokken. Ingen maktar å protestera mot krigen. Me legg oss flate for alt som kjem frå EU, anten det gagnar oss eller er til skade for oss. Tvert imot, dei pøser gode pengar rett i fanget på korrupte Ukraina. Kvifor er det ingen som dreg fram den sida ved Ukraina når det skal løyvast pengar? Det andre spørsmålet: Kvifor skal me byggja ned våre eigne gode ordningar berre for å frigjera pengar til endelause krigar.
Apropos opposisjon: Kor er dei kritiske spørsmåla her heime til all satsinga på krig? Dersom kriteriet på eit levande demokrati er ein levande opposisjon, står det ikkje bra til her heime heller.