Tankar om Livet og eit farvel med katten

Ein gamal katt går bort, og etterlet meir enn berre tomrom i heimen. I dette personlege lesarinnlegget blir sorga eit utgangspunkt for refleksjonar om tid, endring og korleis sterke opplevingar kan få livet til å kjennast både lengre og rikare.

Av: Svein Grødaland.

Det starta med at katten sa takk og farvel, gammal og mett av dagar, som det heiter i den gamle Boka. Katten hadde skranta ei tid, og brått vart det skikkeleg ille. Sidan katten var eit kjært familiemedlem, fekk den all den omsorg det var mogleg å gje. Først ei god stund på fanget, deretter på eit mjukt teppe på golvet. Det drog ut, gjennom heile natta. Ut på morgonkvisten var det berre ein ting å gjera, ta pusen med til dyrlegen for å få den siste sprøyta.

Les også:  Vijitharan Uthayakumar: Fra "vellykket integreringsløp" til siktelse for voldtektsforsøk og kvinnemishandling

Det er ikkje anna å gjera når pusen har runda sytten år, ein god alder for ein katt.

Sidan natta hadde vore meir enn kort, måtte me ta litt meir natt etter at pusen hadde forlete oss, før me kunne ta fatt på pliktene for dagen.

Me prata om det om kvelden, var det verkeleg i dag pusen forlot oss? Det kjendest så lenge sidan, så mykje som hadde hendt det siste døgnet.

Les også:  Abort er en luksus Europa ikke har råd til

Det slo meg, ein dag, eit liv som er fullt av endring, nye situasjonar, verker så mykje lengre enn når alt går på rutine, der den eine dagen lik den andre. Ikkje lengre i dagar og år, men i opplevingar. Endringar som pregar heile livssituasjonen.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå