Spørsmålet er ofte viktigare enn svaret

Medan krigen i Iran pregar nyheitsbiletet, kjem svara raskt og bastante frå vestlege medium, medan dei kritiske spørsmåla ofte uteblir. I denne kommentaren peikar Svein Grødaland på korleis ord, perspektiv og ideologiske ståstader formar forståinga av krigen, og etterlyser meir undring, fleire røyster og ei breiare dekning av det som no skjer.

Av: Svein Grødaland.

Svaret har noko definitivt over seg, ei tankerekke som er tenkt til endes. Det kritiske spørsmålet har utvikling i seg, opnar for både nye tankar og nytt blikk på situasjonen.
Meldingane i media om angrepet på Iran. Det er stort sett berre svar, lite undring, få spørsmål. Alt er sjølvsagt, sett med vestlege briller. Ein har gjerne ein ideologisk ståstad, ein ideologi. Viktig at den får dominera, ser det ut til.

Akkurat nå handlar det om angrepet på Iran. Eller skal me seia det brutale og uprovoserte angrepet, uført av parhestane Israel og USA? Ord skaper haldningar over tid. Fleire spørsmål i media kunne gitt ei meir balansert formidling av nyheter.

Yama Wolasmal sine intervju med sentrale personar kan bidra til å setja ting i relieff, få folk til å stilla spørsmål ved eigne forestillingar. Det er viktig å få fram mange røyster og haldningar, også dei me er rykande usamde med.

Utfallet av krigen, både den i Iran og den i Ukraina, er usikkert. Nå melder sjølv NRK at USA held på å gå tom for anti luftskyts. Alternative media har hatt saker om det ei tid. Det er på høg tid å formidla sanninga når det ikkje er råd å koma utanom, også for meir sentrale media. Men så var det dei vanskelege spørsmåla.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå