Spelet på børs

Svein Grødaland vedgår å ikkje vere ekspert på børs og finans, men meiner likevel at systemet i stor grad fungerer som ein parasitt på økonomien. Han peikar på at børsen lever sitt eige liv, frikopla frå selskapa den representerer, og at sal av aksjar knytt til krigen i Gaza truleg har liten annan verknad enn den symbolske.

Av: Svein Grødaland.

Eg har i grunnen ikkje greie på finans på børsnivå. Når eg skriv desse linjene, er det like mykje for å klargjera for meg sjølv kva det handlar om.

Eg veit berre at eg kan kjøpa aksjer eller investera i aksjefond, og få bedre betalt for pengane enn om eg sette dei i banken. Baksida av denne spekulasjonen er at eg like gjerne kan tapa det eg har investert. Jada, eg har vore lukkeleg eigar av både aksjer og aksjefond.

Les også:  "Islamhat"? "Islamofobi"?

Så dukkar det opp ei svært informativ sak på NRK. Børsen lever sitt eige liv, frikobla dei verksemdene aksjene representerer. Dersom aksjene på børs endrar verdi, vil ikkje aksjeselskapet ha glede av ein oppgang. Den gevinsten går til spekulanten som har selt aksjer med gevinst.

Det heiter så vakkert at børsen hentar inn kapital til næringslivet. Det er berre sant ei eitt tilfelle: Ved aksje-emisjon. Nyteikning av aksjer. Då dukkar det opp ei sak dei kallar teikningsrettar, retten til å kjøpa nye aksjer til redusert pris. Den som ikkje har aksjer frå før i selskapet, stiller lenger bak i køen.

Eg fekk kjøpt mine aksjer til redusert pris frå min arbeidsgjevar. Seinare kjøpte eg litt aksjefond etter anbefaling frå banken min. Dette med flytande verdiar, med utsikt til både vinning og tap, passa meg dårlig.

Les også:  Sviket mot Daniel Wretström

Sjølve iglene i dette spelet er dei som driv med kortsiktig kjøp og salg for å skumma fløyte av rørslene på børsen. Nokre av desse vert søkkrike, utan å gjera det minst nytte for samfunnet.

Kanskje me skulle avskaffa heile børsvesenet og la aksjene representera realverdien i verksemda? Straks dei vert notert på børs, tek dei til å leva sitt eige liv.

Tilbake til start. Eg byrja på denne teksten for å klargjera eigne tankar omkring dette med børs og økonomi. Eg konkluderer med at børsvesenet først og fremst er ein parasitt på økonomien. Dette gjeld all spekulasjon utan realverdi, eller skal me seia substansverdi?

Les også:  Nedre Bekkelaget skole: Ikke snakk om julekalenderen din på skolen

Til den aktuelle situasjonen med aksjer i Israel sin krigsmaskin. Vil eit nedsalg av våre aksjer i den krigen ha direkte økonomisk effekt på dei selskapa som produserer deler til krigen i Gaza? Slik eg forstår det, vil våre aksjer verta kjøpt av andre investorar. I praksis berre ein symbolverdi. Skulle ei slik greie ha ein praktisk effekt, måtte me slutta å kjøpa varer og tenster frå selskap som produserer utsyr til krigen, pluss at me ikkje kjøper varer som Israel produserer på okkupert område på Vestbredden. Dersom eg forstår dette rett, har våre nedsalg ingen prakstisk effekt. Kanskje dei sleipaste investorane syter for å sikra seg ein del av desse aksjene?

PS: Skulle her vera faktiske feil, er eg glad for korreksjon. Mine vurderingar er mine eigne.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå