Solkrem og samvit

Solkrem blir framstilt som sjølve symbolet på ansvarleg sommaråtferd, noko du bør bruka med «godt samvit». Men kva har eigentleg solkrem med samvit å gjera? I denne teksten stiller forfattaren eit spørsmål få vågar reisa: Kan tilliten til solkrem vera overdriven, og kva veit me eigentleg om dei stoffa me smør på huda?

Av: Svein Grødaland.

Pakk solkrem i sekken og nyt sola med godt samvit. Slik talar reklamen. Merkeleg nok er det ingen som stiller spørsmål. Det vil seia, eg har faktisk sett spørsmålet.

Min første reaksjon: Kva har dette å gjera med samvit? Gjer eg noko umoralsk ved å stilla spørsmålet, dernest tilstå at eg ikkje brukar solkrem?

Les også:  Venezuela og Den sterkestes rett

Dette er misbruk av ordet «samvit». Samvitet handlar om langt djupare ting enn ein klatt solkrem. Samvit er eit indre kompass som styrer etikk og moral. Har eg såra eit anna menneske? I slike saker kan ein snakka om samvit. Men ikkje når det berre handlar om å vera lojal mot moralisme og propaganda.

Det fina andre metodar til å verna seg mot for mykje sol: kortare tid i sola, spesielt i starten av solsesongen. Den andre metoden er ein solid solparasoll. Den fungere minst like godt som solkrem.

Les også:  Fra Annecy til Huntingdon: Hvordan offerkulturen visker ut heltene

Norge er vistnok på topp når det gjeld hudkreft, trass i all informasjonen om kor viktig det er å bruka solkrem. Er det nokon som lurer på kvifor? Det fins heilt sikkert svar.

Sidan det er såpass «in» å bruka solkrem, er det få som vil satsa prestisje på å forska i om det fins uheldige dsideverknadar. Dei som lagar solkremen, stiller neppe med pengar til slik forsking.

Så til det meir alvorlege: Solkrem inneheld ei rekke stoff. Me veit at mange kjemiske stoff trekker gjennom huda og inn i kroppen. Dette vert utnytta ved bruk av ulike medisinske plaster, der hensikten er at dei skal gjennom huda, inn i kroppen.

Les også:  Den store feminiseringen

Det me ikkje veit, er om nokre av ingrediensene i solkrem er skadelege for oss. Skal ein finna ut av det, trengs det både langvarige forsøk og bruk av statistikk. Er det noko som skil oss for ikkje brukar solkrem frå dei som gjer det? Er det liberal EU-standard som gjeld, utan at det vert stilt spørsmål? Eg berre spør.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå