Soga om ein gard, del 3: nyare tid

Industrien kjem til Grødaland; med lukt, stordrift og konfliktar på kjøpet. I denne delen av serien ser Svein Grødaland nærare på korleis eit destruksjonsanlegg voks fram i skogen, og korleis veksten utfordrar både naboar, natur og museum.

Av: Svein Grødaland.

Slakteriet hadde bruk for eit destruksjonsanlegg der dei kunne destruera kadaver og slakteavfall. Skogen på Grødaland låg passe langt frå folk på alle kantar. Det vart starten på det som skulle veksa seg stort og breia seg.

Grødaland ligg nær sjøen. Kort veg til sjøen med kloakk av ymse slag. Eit par kilometer oppe i marka kvart det bygd eit nytt industrianlegg. Her har Tine sentralisert og flytt ein håndfull mindre meieri opp i marka. Her er i tillegg slakteri og gartneri. Alt lagt til rette for stordrift.

Les også:  Fra Annecy til Huntingdon: Hvordan offerkulturen visker ut heltene

Heilt sidan sekstitalet, då utbygginga starta, har det vore motstand frå nabolaget. Når skodda låg tung over landskapet, kunne det breia seg ei vond lukt frå anlegget.

– Det lukta verre enn middag, sa ein kar i nabobygda.

Eg hadde ein annan taktikk. Når det lukta som verst, kunne eg ta ein telefon og invitera sjefen på kaffi ute på terrassen. Han tok poenget med ein gong og takka for beskjed. Me tok aldri den kaffikoppen.

Les også:  Venezuela og Den sterkestes rett

Når sant skal seiast, er det gjort mykje for å redusera plaga med lukt.

Anlegget treng meir plass. Tomta er brukt opp. Problemet er at ein uansett vil kryssa andre interesser når dei skal utvida.

Museet har ikkje lyst til å ha industri i siktlinja ned mot havet. Havet og det slette landskapet er ein sentral del av det museet skal visa fram. Eg deler museet sitt syn fullt ut.

Det andre alternativet er å byggja seg inn i skogen. Der møter dei ei ny hindring: verneverdige dyr og fuglar.

Les også:  CelKilt: Den keltiske rocken med stort hjerte er tilbake med nytt album og veldedighetsturné

Dei tok omsyn til begge desse invendingane. Det minst skadelege alternativet går over kulturbeite, langs eit landskapvernområde. Meir industri vil redusera kvaliteten på opplevinga av dette området. Det hjelper litt at det vil vera ein buffer mellom industrien og stranda.

Meir seinare.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå