
Klima pregar stadig fleire politiske stridar, men skjer det på kostnad av andre omsyn? I dette lesarinnlegget blir både Miljøpartiet, NOAH og norske styresmakter kritiserte for å setja klimasaka over vanlege menneske, næringsliv og nasjonale interesser.
Av: Svein Grødaland.
Klima ser ut til å vera eit nøkkelord i den politiske debatten. Er grupper som miljøpartiet og Noah blinde for andre realiteter enn klimasaka? Det kan sjå slik ut. Dei raudgrøne har hatt oppvaskmøte omkring Sp sitt svik mot det raudgrøne felleskapet i saka om avgift på drivstoff. Partiet argumenterer godt for si handtering av den saka. Omsynet til mennesket er viktigare enn omsynet til ein diskutabel teori. Miljøpartiet dreg fram «klima» som eit argument meir og høgare avgifter på drivstoff. Det var deira primære synspunkt då budsjettet vart lagt fram.
Det er ei gåte for meg korleis Miljøpartiet og Senterpartiet skal kunne sitja ved same bord og semjast om ei sak som dette. Miljøpartiet messer klima, medan Senterpartiet ser kva kostbart drivstoff betyr både for utkantane og anleggsbransjen.
I tillegg til dette hadde Dagsnytt18 eit oppslag om sau og klima. Noah, organisasjonen for dyrevelferd meiner at det er feil å satsa på sau, både av omsyn til ville dyr, folkehelsa og klimamåla. Nok ein gong ser me at ein teori, den om at me påverkar klimaet i varmare retning, vert brukt som viktigaste argument. Det er eit faktum at mesteparten av jordbruksarealet ikkje er brukande til anna enn gras, og dette må gjennom ein dyremage for å verta mat for oss. Fakta må vika for fiksjon. Noah puttar på litt dyrevelferd, det er ikkje bra for sauen å vera inne når det er snø og kaldt ute. Skulle sauen heller gå ute og svelta?
Eg nektar etter kvart å ta den seriøst, som har klima som sitt einaste og beste argument. Europa held på å øydeleggja både økonomi og samfunn av omsyn til ei hypotetisk klimasak. Norge diltar etter som EU sin lydige puddel. Kunne me i det minste gjort som Ungarn, lagt ned veto for vår eigen del i saker som opplagt ikkje er i vår interesse?