
I dette lesarinnlegget deler Svein Grødaland observasjonar frå naturen rett utanfor heimen sin. Frå den første reven han har sett ved hagegjerdet, til rådyr som har teke over for haren, reflekterer han over naturens eigne lover, der nokre dyr et og andre blir etne, utan omsyn til menneskelege ideal og førestellingar.
Av Svein Grødaland.
Reven på veg heim til hiet med mat i kjeften. Biletet er teke frå eigen terrasse, ti – tolv meter utanfor hagegjerdet. Dette er første gongen eg ser ein rev her. Før kunne me sjå haren, live om sommaren, spor om vinteren.
Nå dukkar rådyra opp. Om det er slik at den eine ikkje likar seg der den andre er, det veit eg ikkje. Men flokkar av rådyr dukkar opp ut på ettermiddagen.
Dette er naturen, nokre skal eta, andre skal etast. Idealistar kan få det for seg at dette ikkje er bra. Katten, til dømes. Ein dyktig jeger kan klara å snika seg inn på ein fugl. Eg har sett på. Som oftast tek fuglen til vengene, og katten står att med lang nase.
I mi tid som bonde hadde eg ein katt som tok småfugl inne i fjoset. Fuglar har av ulike grunnar ingen ting å gjera i eit fjos. Velsigna katten. Den gjorde ein god jobb