
Innvandringa til Vesten vert ofte forklart med humanitære omsyn og økonomiske skilnader. Mindre omtalt er dei ideologiske og politiske konsekvensane av masseinnvandring frå samfunn med grunnleggande andre verdiar. Denne teksten tek for seg kvifor islam skil seg ut som ei særleg utfordring for vestlege demokrati, og kvifor remigrasjon vert framstilt som ein nødvendig og realistisk veg for å tryggja framtida til komande generasjonar.
Av: N. N.
Det kjem mange til Vesten. Mange er reelle flyktningar, andre ynskjer berre eit betre liv, og då er «flyktning» eit godt ord å bruka. Felles for nesten alle er at dei ynskjer ikkje å reisa heim, sjølv om tilhøva der er eller vert ufarlege.
Eg kan forstå dei. Vi har reist ein del, ofte utanfor allfarveg. Landsbyar i Syria eller Afghanistan fortel ikkje om rikdom. Det same gjeld vareutvalet i lokalbutikken eller på torget mange stader, til dømes i Indonesia eller Malaysia. Og tiggarane. Eit minne frå ein gåtur gjennom eit fattigkvarter nær hamna i Karachi i Pakistan. Heile tida åtte til ti nokså små born med minst ei utstrekt open hand retta mot utlendingane som sikkert var rike. «Pengar, pengar.» Ingen av dei borna var fyldige.
Ja, eg skjønar dei. Har dei greidd å koma seg til land med «mjølk og honning», gode løner og ofte gratis pengar ein eigentleg ikkje treng å arbeida for, gode skular for borna, og rikdom nok til å senda pengar heim til dei i gamlelandet, då er ikkje heimlengten stor.
Den andre sida
Men saker har fleire sider. Ei av dei er ideologiar og moralkodar. Mange kjem frå diktatur, ofte religiøse, og overgangen til reglar og tenkjemåtar i frie demokrati kan vera krevjande. Dette særleg der kultur og religion skil seg mykje frå vår.
For somme er overgangen ei glede. For andre heng gamle vanar att, som svart økonomi, korrupsjon, av og til smugling, narkotika, kriminalitet, snylting på samfunnet og vald. Sverige er i ferd med å bli eit talande døme, og utviklinga smittar over til Oslo og Noreg.
Islam som særtilfelle
Ei gruppe skil seg ut, muslimane. Dette heng saman med sjølvbiletet dei er innpoda, «Vi er klart dei beste» (Koranen 3:110). Dei vantru vert omtala som mindreverdige og som tilhøyrande «det vonde».
Dermed vert det legitimt å utnytta, lyga til, lura, svindla, plyndra eller misbruka dei vantru dersom målet vert rekna som rett. Dette vert forsterka av førestillinga om ein evig strid mellom muslimar og ikkje muslimar, der skadeverk mot dei vantru vert sett som positivt.
At dette er lov og rett, er Koranen og sharia tydelege på. Muhammed vert framstilt som eit blodig ideal, med røva rikdom og harem. Slike belønningar vert òg lova i Paradis til dei som fell i kamp for islam.
Vers 9:111 er heilt eksplisitt. Allah har kjøpt dei truande, og dei skal drepa eller bli drepne for islam. Fell dei i kampen, går dei straks til Paradis og får jordliknande luksus. Kva som skjer med kvinner og born som vert drepne i slike krigar, vert ikkje omtala. Det var krigarane som talde.
Uforeinleg med vestleg samfunn
Vesten og demokrati har ikkje bruk for valdsideologi, religionsrasisme, anti integrering eller lovleg uærlegdom som moralkode. Slike system øydelegg grunnlaget for fredleg sivilt liv.
Korrekt informasjon om dette er ikkje rasisme. Fakta er ikkje fobi. Å frykta islam er ikkje irrasjonelt for den som har lese Koranen eller følgt utviklinga over tid. Det er nøktern realisme.
Den politiske dimensjonen
Islam strevar etter politisk makt og pålegg alle truande å arbeida, og om naudsynt kriga, for at islam skal bli styrande og eineveldig i landet dei bur i og i verda. Dette er ikkje ei sidegrein, men hovudlinja i islam.
Kort samanfatta er bodskapen slik. Alle vantru skal omvendast til islam. Eller undertvingast og betala ekstra skatt, jizya. Eller drepast. Samstundes er bodskapen like klar. Lyd Allah og Muhammed.
Islam og Koranen er godt tilpassa ein diktator som nyttar religiøse krefter for politisk makt.
Ein mørk framtid
Dette peikar mot ei svært mørk mogeleg framtid for borneborna våre. Vi har i praksis to val om vi vil hindra dette.
Det første er open og grundig informasjon som provar at Koranen er oppdikta og full av feil. Over tid kan dette svekka islam. Med dei politikarane og mediene vi har i dag, er dette lite truleg.
Det andre er å stoppa innvandringa og redusera talet på muslimar i Noreg så mykje at vi held oss under ei faregrense. Men sjølv då må vi leva med parallelle samfunn og ideologiar.
Muslimar har ikkje lov å integrera seg fullt i vantru kulturar. Dette vert sjeldan nemnt i integreringsdebatten. Resultatet er parallelle strukturar, med uærlegdom, diskriminering og vald som aksepterte verkemiddel.
Remigrasjon som løysing
Muslimar flest reiser ikkje heim frivillig. Remigrasjon er difor den einaste realistiske løysinga, bortsett frå utvising. Remigrasjon kan vera aktuelt for fleire grupper, men islam peikar seg ut som den mest problematiske ideologien.
Med omfattande tilbakereise, remigrasjon og stopp i muslimsk innvandring kan vi truleg hindra maktovertaking over tid, og verna borneborna våre mot å leva under eit religiøst valdsdiktatur bygd på ei oppdikta bok.
Ja, eg veit at idealistar vil ropa om innskrenking av trusfridom. Men når trusfridom kolliderer med retten til tryggleik, fridom og liv utan vald, må ein ta avgjerder.
Som Karl Popper formulerte det. Uavgrensa toleranse overfor dei intolerante øydelegg både toleransen og dei tolerante.
Islam er ekstremt intolerant mot alle som avviser boka og ideologien. Når gode prinsipp kolliderer, er det farleg å overlata avgjerdene til ei lære som legitimerer uærlegdom, diskriminering og vald.
Avslutning
Den europeiske menneskerettskonvensjonen opnar for å setja grenser for religionsutøving når offentleg tryggleik, orden og andre sine rettar står på spel. Her må Stortinget setja klare grenser og handheva dei.
Ingen kan vita kven som vert farleg i framtida. Difor må føre var prinsippet nyttast. Prisen for å lata vera kan bli høg for borneborna våre.
Lenkje til Korantekstane som er viste til.
Kopiering er tillate.
Sprei gjerne desse opplysningane.