
Vestleg politikk rotnar frå innsida, og debatten om årsakene blir stadig meir oppheita, dei som varslar om forfallet blir møtt med skuldertrekk eller hån, medan veljarane vender seg bort i misnøye og mistillit.
Av: Svein Grødaland.
Norge, og truleg mange andre land har sett sin lit til det dei kalla regelbunden verdsordning. Denne greia er ei vestleg oppfinning, i regi av USA. Den har fungert så lenge det passa amerikanarane. Nå ser det ut til at den tida er over. USA gjer akkurat det som passar dei, der og då, utan å bry seg det minste om internasjonal skikk og bruk og regelverk. Dermed er Europa kasta inn i eit politisk tomrom. Kva gjeld nå?
Når ein ikkje lenger kan lita på avtalar og gammalt vennskap, er det jungelen si lov som gjeld. Makt og styrke er lik rett.
Ein skal vera nokså politisk blind for ikkje å sjå at dette i praksis er fritt fram for USA. Stikkord: Grønland, Venezuela, Canada. Heile Sør-Amerika.
Nå scorer Kina bedre enn USA på tillit. Den politiske nordpolen er splitta, og nye polar oppstår: Kina, India, Brasil, Russland. Ei multipolar verdsordning.
Desse landa er meir opptekne av handel enn av krig og erobringar. Bortsett frå eit par ting: Grenser som er trekt opp av europeiske kolonistar, kan verta justert til det som er etnisk og geografisk naturleg. Det er brukt linjal til meir enn ei grense på kloden. Liv og politikk kan aldri praktiserast med linjal over tid.
Kva betyr det for oss? For Norge? Det første er ei politisk re-orientering. Eg noterer meg at den utanrikspolitiske kometen og ny leiar i Høgre, ikkje maktar å lyfta meiningsmålingane. Dei tre bukkane Bruse i Ap har heller ikkje grep om situasjonen, bortsett frå at dei var kloke nok til å avslå plass i Trump sitt «fredsopplegg». Bortsett frå det, lener dei seg framleis til USA som garantist for fred.
Som sagt, det trengs ei re-orientring. Kor kan me byggja relasjonar, kor må me setja grenser? USA er usikkert. Der kan ein mann kan snu det politisk arenaen opp ned. Han har stø kurs mot det satirikaren Odd Børretsen i si tid kalla «ska haa, ska haa». Det viktigaste er kanskje å innsjå at me er eit lite land? Me kan ikkje redda kloden med vår idealisme. Det trengs litt kynisk realisme. Vårt eige folk og land først. Så får heller idealistane skrika over seg om kortsiktig egoisme. Eg kjem tilbake til enkeltmannspakken som låg i brystlommen på uniformen. Skal du hjelpa andre, bruk deira pakke. Du kan få bruk for den. Slik er det også i politikken. Søler me vekk ressursane våre på tankelaus idealisme, kan det vera me som treng hjelp.
Eit apropos frå Bibelen. Paulus ba om hjelp til dei kristne i Jerusalem. Grunn: Dei hadde praktisert tankelaus idealisme og gitt vekk alt dei hadde.