
Svein Grødaland skriv om si politiske reise frå bedehuset til venstresida, og vidare til eit meir sjølvstendig og nyansert standpunkt. Med bakgrunn i bondesamfunnet og ein oppvekst prega av borgarlege verdiar, fortel han korleis han gradvis fann veg mot sosialismen, før han til slutt tok avstand frå både høgre- og venstresidas ideologiske skråsikkerheit.
Av: Svein Grødaland.
Eg vaks opp med typisk borgarleg bakgrunn. Sosialisme og fagforening var ukjende tankar. Mine foreldre var bønder, med lange røter i bondesamfunnet på begge sider. Eg visste ikkje kva ei fagforening var før eg var vaksen. På den tids var folk ennå litt redde for at kommunismen skulle overta landet og ta frå folk gardsbruka, slik dei gjorde i Russland.
Typisk er historia om far si syster som var ein smule raudare i kanten enn resten av oss. Det fekk morbror Per til å spørja: Er det sant at Anna er kommunist?
Neste dose av anti-Russland fekk eg i ungdommen, i den tida eg var aktiv på bedehuset. På den tida hadde martyrromantikken ein sterk plass. Alle kjende omsorg for dei kristne bak jernteppet, som måtte ofra så mykje for si tru.
Tida gjekk. Eg kunne ha sympati for parti som KrF, Senterpartiet, og Venstre så lenge Sponheim var der. Etter han var det slutt.
Tida gjekk framleis. Ein dag såg eg at dei borgarleg-liberalistiske tankane ikkje var mine tankar. Eg gjekk i retning SV. Kampen for eit likestilt samfunn, der godene var nokolunde rimeleg fordelt. Turen gjekk vidare til Raudt, der eg var aktiv medlem ei tid. I dag er eg utan band til noko parti.
***
Så er eg vitne til ein opplysande debatt: Debatten på NRK.
Herrene Marsdal og Trædal serverte ei forestilling langt under det ein må venta i ein seriøs debatt på NRK. Temaet var Subjekt og Danby Choi. Eg har ikkje sett verre sidan den gongen FOR møtte i same forum og vart møtt med unisont vrøvl frå den andre sida.
Det opna augo. «Mine» folk var like utidig arrogant som ein pubertal debatt i gymnassamfunnet.
Det verste var at desse to nekta å vera med på det sjølvsagte: Å sjå saker frå fleire sider. For desse to er verda, samfunnet og mennesket enten svarte eller kvite, gode eller vonde. med oss eller mot oss.
Livet er ikkje slik. Eg nektar å vera med på denne vulgariseringa av debatten.
***
Eg går vidare. Eg kastar ein del av venstresida sine saker over bord: Pride, migrasjon, feminismen, abortsaka, globalisme, no-platforming.
Eg støttar ein modig leiar av KrfU som vågar å seia kva ho meiner om abort, som hever seg over det stort sett venstreorienterte hylekoret. Eg er for å la vanskelege saker få vera vanskelege saker, der det er rom for refleksjon og avvikande konklusjonar. Livet er ikkje så enkelt at det kan puttast inn i eit politisk program.
Honnør til to parti: Raudt fordi dei prøver å vera samlande i eit sprikande politisk landskap, og Senterpartiet fordi dei står for sine verdiar og set foten ned når det trengs. Statsministeren kan på ingen måte rekna med at Senterpartiet dansar etter hans pipe.
PS: Eg har byrja å abonnera på Subjekt etter debatten der herrene Marsdal og Trædal dumma seg så skikkeleg ut i sitt møte med Choi.