Politikarane sviktar eigne innbyggjarar medan kostnadene eksploderer

Norske politikarar har i fleire tiår vendt blikket bort frå dei som slit mest her heime. medan husleiger og levekostnader skyt i vêret, vert det stilt større og dyrare krav til bustader, utan omsyn til om folk faktisk har råd. resultatet er at stadig fleire vert pressa ut av heimane sine, i eit system som skulle sikre alle ein stad å bu.

Av: Svein Grødaland.

Thomas Seltzer har retta kikkerten andre vegen, mot våre eigne fattige. Dette vert fort ei historie om feil prioriteringar, eit politikarkorps som er totalt blinde for kva som er første og viktigaste jobben til våre folkevalde. Våre eigne innbyggjarar. Dei gjer rett og slett faen, både vesle Høgre (Ap) og ekte Høgre. Dei bryr seg ikkje om oss. Denne tradisjonen til tilbake til Gro Harlem Brundtland si tid.
For, kva skjer?

Eg veit at eit burettslag i distriktet har skifta ut alle vindaugo på feltet. Eg veit det er planar om å skifta tak og vaska og måla alle bygningane. Kostnaden vert lagt inn husleiga, litt etter litt.

Før eller sidan vil utgiftene nå smertegrensa for nokre av bebuarane; dei som har minst frå før.
Dette er som sagt i eit burettslag. Det var i utgangspunktet ei ordning som skulle sikra alle ein stad å bu. Det er ein grov falitt når det første medlemmet må selja på grunn av økonomi.

Det var ein driftig advokat på åttitalet som sparka bein under den sosiale delen av burettslaga; at alle skulle ha råd til å kjøpa seg inn. Han fekk narra inn marknaden, at bustaden skulle fylgja den uheilage marknaden. Fint for den som alt var på innsida, litt verre å koma inn etter at prisane gallopperte langt fortare enn normal prisindeks.

Les også:  Hvem står bak Den store utskiftningen?

Dette veit eg ikkje sikkert, men eg har ein mistanke: Det fins eit direktiv, ein ordre frå Brüssel om at alle bustader skal oppgraderast til EU-standard. Dette vil ta nokre år, og kostnaden er enorm for den enkelte. Det handlar sjølvsagt om kampen mot den globale oppvarminga. Godt isolerte bustader krev mindre energi til oppvarming.

Husleiga stig. Prisen på mat, elektrisitet og bensin stig. Norge har ennå god råd.

Ein ting til: Var det nokon som snakka om pensjonsfornd utland, at kapitalen i oljefondet er øyremerkt framtidige pensjonar? Med andre ord: Det som skjer, er eit ran mot dei som har bygd landet, pensjonistane våre.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå