
I dette lesarinnlegget reflekterer Svein Grødaland over jakta på det gode livet i ei tid prega av stadig høgare tempo og aukande krav til effektivitet. Med utgangspunkt i eiga livserfaring drøftar han kva som skaper livskvalitet, og om samfunnet er på veg bort frå det som gjev menneske ro, meining og trivsel.
Av Svein Grødaland.
I dag har NRK forteljinga om Helene (29) som fekk eit nytt og bedre liv då ho flytte frå byen til eit bedre liv på eit småbruk. Det skal vera mange av oss som har havna i hamsterhjulet med tettpakka kalender og høgt aktivitetsnivå. Pliktene står i kø. Over halvparten av dei mellom atten og trettini kunne tenkja seg ein rolegare kvardag.
Opp mot dette står kravet om å vera effektiv, produsera noko, få med seg det livet har å by på helst i ein by.
Eg er pensjonist. Mitt hamsterhjul går litt saktare. Stundom står det stilt. Det har ikkje alltid vore slik. Eg har praktisert innanfor eit lite dusin yrke. Nokre har vore meir intense enn andre. Kravet om å produsera. Fylla sjefen si hylle med oversikt over utført aktivitet og nye planar. Det vart etter kvart nok. Eg forlot hamsterhjulet til fordel for ein arbeidsplass der oppgåvene kom meg rolig i møte, i staden for at eg måtte springa etter dei. Typisk den tida eg var engasjert i salg. Der hadde me budsjett over kor mykje me skulle selja, og vart målte på det.
Kva er eit godt liv? Der fins det like mange svar som det er menneske. Trur eg. Nokre av oss er turbomenneske med ein rakett bak. Eg har møtt nokre slike. Trur ikkje dei kan hjelpa for at dei er slik. Det fins yrke som er tilpassa turbomennesket. Vera påkobla døgnet rundt. Dette er neppe godt for helsa.
Andre har evnen til å formidla ro rundt seg, sjølv i ein travel kvardag. Dei er gode for oss alle, også i yrke der stresset ligg rett under overflata og lurer.
Eg trur samfunnet går i feil retning. Makt og media piskar opp stemning om effektivisering, få gjort meir med mindre innsats. Også for landbruket. (?) Så kan me krydra det litt med snakk om komande pandemiar og ditto krig. Seinast i dag har NRK eit oppslag om auka konsentrasjon av soldatar opp mot grensa vår i Finmark.
Eg spør meg sjølv: Kva er verst, enten at ein notorisk krigersk nasjon skal ha basar innanfor grensene våre, eller om ein annan nasjon styrker forsvaret sitt på utsida av grensene våre. Det kan jo tenkjast at Russland rustar opp for å demma opp mot eit ekspansivt Europa?
Ein liten digresjon. La oss kalla han Anton. Anton hadde ein del utfordringar i livet som gjorde at han trong mykje svevn. Ofte langt ut på dag. Då Anton kom til denne staden, var han aggressiv, sint, med mykje utagering. Det viste seg at løysinga låg i at Anton måtte få sova til han vakna. Mot dette vart det argumentert med at Anton måtte få noko ut av dagen, ikkje liggja der og sova. Det var meiningslaust at Anton skulle sova vekk dagen. Men Anton fekk eit bedre liv då han fekk sova lenge nok.