Om KI og mental latskap

I ei tid der kunstig intelligens i aukande grad pregar både tekst, bilete og offentleg debatt, tek Svein Grødaland til orde for ein sunn skepsis. I dette lesarinnlegget reflekterer han over korleis KI kan undergrava tilliten til det vi les og ser, samstundes som teknologien etter hans syn kan svekka mennesket si eiga evne til å tenkja, formulera seg og skapa sjølv.

Av: Svein Grødaland.

Eg skriv det eg tenker. Det er dei som har gjort desse orda til sine om mine tekstar. Det er sant også for min del. Ingen KI-tekst frå mi hand.

Les også:  Vijitharan Uthayakumar: Fra "vellykket integreringsløp" til siktelse for voldtektsforsøk og kvinnemishandling

Eg har minst to grunnar til å vera skeptisk til KI.

Den eine grunnen er at eg som lesar mister tilliten til det eg les og ser av bilete. Av og til er illustrasjonar opplagt KI-generert. Eg såg nyleg eit bilete av eit utbomba og utbrent hangarskip, kobla til ei melding om at Iran hadde øydelagt dette skipet med fire til sju missiler. Eg har sett påstanden gjengitt ymse stader, men ingen seriøse media eller nettsider har hatt meldinga. Heller ikkje Steigan, Derimot eller Politikus. Desse kunne sagt noko om dette var tilfelle. Det har dei ikkje. Våre main stream media kan godt finna på å utelata ei slik melding av omsyn til «vår side» sin propaganda, der alt går den rette vegen for krigen.

Les også:  Abort er en luksus Europa ikke har råd til

Eg veit framleis ikkje meldinga er sann. Mest truleg er meldinga fantasi.

Det andre er at KI verkar fordummande. Evnen til å formulera ei setning, gje uttrykk for ein tanke, må haldast ved like ved bruk. Før google si tid måtte me slå opp i leksikon og andre handbøker for å finna svar. Før smart-telefonen si tid måtte me hugsa dei viktigast telefonnummera. Heime hadde me telefonkatalog. Og så vidare.

Les også:  Liberalismen og familiens fremtid

Eg er glad for tastaturet og den digitale debatten. For all del. Ikkje alle framsteg er negative.

Me treng nokre mentale prosessar der me brukar både hender og hovud. For min del handlar det om skriving, maling, teikning, foto. Av og til kjøra seg fast på eit kryssord. Kva hadde kryssord vore om eg overlot den moroa til KI??

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå