Miljøpartiet i hjørnet, Arbeidarpartiet i skvis

Den kaotiske budsjettstriden skuldast ikkje Arbeidarpartiet, men Miljøpartiet sitt ultimatum om å fasa ut norsk oljeproduksjon, noko som har låst forhandlingane og sett heile sentrum venstre i ei uhaldbar skvis.

Av: Svein Grødaland.

Dei som vil kritisera Ap, brukar den parlamentariske situasjonen for alt den er verd. Ap får skulda for å svikta sin lovnad om stø kurs. Ap har halde den lovnaden. Problemet ligg ein heilt annan stad: Miljøpartiet har kjørt einsidig på sitt mantra om å leggja ned norsk oljeproduksjon. Dermed har partiet malt seg så grundig inn i eit hjørne at det er umogleg å koma ned på føtene utan å tapa ansikt. Alternativet er grimt. Anten må partiet krypa til korset og gje si røyst til eit budsjett dei er mot. Den erfarne vil peika på at statsbudsjettet ikkje er det rette forumet til å ta opp ei slik sak. Rett saksgang ville vera å ta saka opp i Stortinget og be regjeringa greia ut saka. Dei vil neppe få fleirtal for det.

Les også:  Somaliske Masuud Mohammed Abdi Hussein har tilstått brutal voldtekt av 76 år gammel kvinne i Oslo

Alternativet er ikkje stort bedre. Før valget lova Miljøpartiet å gjera kva dei kunne for at Listhaug (FrP) ikkje skal verta statsminister. Her har partiet valget mellom pest eller kolera.

SV er ikkje fullt så ille ute. Dei vil ha oljefondet ut av alt som luktar av Israel og krigsbrotsverk i Gaza og på Vestbredden. Dette handlar tross alt om pengar. Problemet for SV er at den saka har finansminsteren torpedert i god tid før forhandlingane.

Les også:  Publikumsopprør mot Ness, Farahmand og Lurås om remigrasjon

Det store paradokset er at en partiet Støre helst ikkje ville ta i med eldtang, har oppført seg eksemplarisk under forhandlingane. Raudt har oppført seg på eksemplarisk vis. Lurer på kvifor Støre var skeptisk til partiet ytterst til høgre, og helst ikkje ville ha noko med dei å gjera.

***

Arbeidarpartiet har fått ei ny ripe i lakken. Det var ikkje så enkelt å bera sprikande staur, eller få Ap / Sp til å akseptera Miljøpartiet sin ide om å fasa ut utvinninga av olje. Det måtte gå gale. Noko anna ville vore ein sensasjon. Mange trudde at Senterpartiet kunne vera det partiet som hoppa av karusellen og melde overgang til høgresida. Det skjedde ikkje. Venstre derimot, har sysla med tanken om å skifta side, til dei raud-grøne. Lurer på om Støre har lyst på endå ein laus kanon i kollegiet sitt. Trur han har nok med SV og Miljøpartiet.

Les også:  Lurås og Ness; har det tørna for dere?

Nå er det ei lita veke til Stortinget skal vedta statsbudsjettet. Det kan ennå skje ting på kammerset.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå