Men dei veit ikkje ….

Noreg var ein gong eit land med industriproduksjon, sjølvforsyning og billig straum for folk flest. I dag er mykje av dette borte, ofra på marknadens alter og underlagt utanlandsk kontroll. Svein Grødaland skriv med kraft og erfaring om korleis det som ein gong tente fellesskapet, no tener spekulantar og om korleis oljerikdomen ironisk nok har gjort landet fattigare.

Av: Svein Grødaland.

Ein del ting var bedre før. Mange trur at ting må vera slik det er, berre fordi det er slik. Me som er litt eldre enn dagens historiebøker, veit at det ikkje nødvendigvis er slik.

Ta elektrisiteten. Langt opp i moden alder (for min del) var elektrisitet ein del av infrastrukturen. Økonomien var basert på billig elektrisitet. Systemet den gongen var at ein abonnerte opp til ein viss effekt. Brukte me meir, var det me brukte for mykje ein del dyrare. Under tappa heime var dei ei lampe som lyste opp når me gjekk over grensa. Det fungerte. Då vart det skrudd av ein del ting for å få forbruket ned under grensa.

Les også:  Lurås og Ness; har det tørna for dere?

Dette var eit fantastisk system for oss. For landet.

Så kjem politikarane og lagar børs av det som var vår gullstandard. Straumen vart leketøy for grådige spekulantar, både her heime, og under slaveristaten EU. Ingen tener på det systemet me har fått. Det hjelper ikkje at det som er statsminsiter seier noko anna. Han risikerer forresten å verta erstatta med ein annan person på den stolen, ei som seier minst like mykje rart.

Les også:  Utestengt på grunn av en bok

Ei spissformulering: Norge vart eit fattigare land då oljealderen kom. Den gongen hadde me industri. Berre i mitt nabolag produserte me syklar og motorsyklar, klede,

møbler, gravemaskinar, trillebårer. landbruksmaskinar. Landbruket hadde store meieri og slakteri med mange arbeidsplasser.

På andre kantar av landet laga me radioar og TV-apparat, utsøkt krystall, store skipsverft. Det meste av dette er erstatta med importerte varer, gjerne frå Kina.

Les også:  [Video] Ektremvenstres saboterer minnestund for Kong Karl XII, kjent morder dukker opp som "journalist"

Det var ei anna tid, ei sunnare tid. Import er alltid meir kostbart totalt sett enn det me lagar sjølv. Import svekker handelsbalansen, ting for ting.

Oljealderen er ein overgang. Uansett kva som skjer av andre ting, vil oljekjeldene ein dag vera nedtappa. Tome. Det er all grunn til å spørja seg om olje kan brukast til meir enn energi, og at det bør vera ein ressurs å spara på. Det er eit reelt argument, i motsetning til klimahysteriet.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå