Mellom første og syttende mai

Medan mange markerer første mai med tog og talar, brukar Svein Grødaland dagen til arbeid, i tråd med tradisjonane frå bondesamfunnet på Jæren. I dette lesarinnlegget reflekterer han over avstanden mellom byens sosialistiske festkultur og hans eige livssyn, og stiller samstundes kritiske spørsmål ved både globalismen og kva me eigentleg feirar på nasjonaldagen.

Av: Svein Grødaland.

Den raude fernissen er heller tynn; Eg brukar første mai til å arbeida. På min siste arbeidsplass var det alltid folk på jobb, natt og dag. På min vaktplan kunne gjerne dagen vera omkransa av to nattevakter. Resten av den vakne delen av dagen vart gjerne brukt til hagearbeid. Når reknar eg ikkje hage som arbeid. Den som gjer det, burde kanskje finna på noko anna enn hage. Nok om det.

Les også:  Støre snakker om menneskelig intelligens

Folk på jobben var forundra over at eg aldri har gått i tog første mai, med mine meiningar. Grunnen er enkel: Eg har mine røter i bondekulturen på Jæren. Der er første mai arbeidsdag. Sosialisme var noko som skjedde i byen. Når eg har sklidd over til venstresida, har det liten tradisjon i min bakgrunn. Det handlar om at livet har lært meg eitt og anna, og at den politisk venstresida har fleire svar enn motparten.

Les også:  Tvang, eiendomsovertakelse og digital overvåking: Dette innebærer den nye kriseloven

Så var det mitt private problem: Eg har aldri følt meg heime der det er stor festivitas og mykje folk. Eg likar meg ikkje i slips og fine klede. Derfor er eg heller ikkje noko 17. mai-menneske. Eg har sjølvsagt gjort mi plikt i lag med ungane, gått i tog og lytta til talar for dagen, som med eit par unnatak har vore lite å høyra på.

Vårt knefall overfor globalismen har gjort grunnlovsfeiringa vår litt meir meiningslaus for kvart nye direktiv, til ein hån mot dei verdiane me skulle ha feira.

Les også:  Eit forsøk på å forstå ...

Me har brukt over to hundre år etter 1814 på å utvikla oss til det me er i dag. Ingen vil påstå at me var noko demokrati den gongen, rekna etter dagens målestokk. Demokrati er eit resultat av årelang kamp mot udemokratiske element, embetstat og overklassestyre. Den kampen er aldri vunnen for godt. Utfordringane står i kø. Ei utfordring er at utfordringar skal møtast med globalisme, ein rein mistillit til våre demokratiske land. Globalismen er ikkje demokratisk. Den er diktatorisk, kjem med krav som me såkalla har plikt til å etterleva.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå