Me trur me fiksar livet sjølv

I eit nytt lesarinnlegg skriv Svein Grødaland om pinseunderet, Babels forvirring og Den Heilage Ande si rolle i kristentrua. Han meiner pinse ikkje handlar om moralforbetring, men om at Anden opnar Skriftene og verkar til frelse gjennom Ordet.

Av Svein Grødaland.

Pinse. Den spede starten på det som skulle spreia seg over heile kloden, ikkje til alle nasjonar, men ikkje langt frå. Det uforstålege og lite handfaste pinseunderet, er ei diffus greie med tunger av eld som dalar ned over hovudet på dei som er samla. Så byrja dei å tala, og dei som høyrde på, høyrde at det vart tala på deira eige språk. Komplett ubegripeleg med fornuften. Kanskje teologien har eit svar? I første mosebok er det snakk om at menneska byrja å vera mange og flinke til å få til saker og ting. Nå ville dei byggja eit tårn om rakk opp i sjølve himmelen. Herren såg kva planar dei hadde, at nå kunne dei klara alt. Så steig han ned og forvirra tungemålet deira, slik at ingen forstå kva dei andre sa.

Stikk motsett av det som hende den første pinsedagen. Den babelske forvirringa var oppheva ei kort stund.
Kjell Arild Pollestad nemner biskop Basilios den Store, som døyde i 379. Han sammenfatta Åndens sitt arbeid på denne måten: «Han tek en tollar og gjer han til evangelist (Matteus). Han kjem til ein fisker og forvandler ham til en guddommelig lærar (Peter). Finn han en angrende forfylgjar, gjer han han til heidningene sin apostel (Paulus). Ved Ånden … blir de uvitende meir lærde enn dei lærde.»

Så langt Pollestad og biskop Basilios.

Det er noko viktig her. Den Heilage Ande er ikkje komen for å hjelpa oss til eit meir moralsk liv. Mange ser ut til å tru det, og skriv som om dei gjer det. Det er enklare enn som så, samstundes vanskelegare. Me likar å tru at me fiksar Livet, til og med i den grad at me trur Vårherre er tilfreds med oss slik me er. Anden si oppgåver er å forklara Skriftene (Bibelen) slik at den verkar til frelse. Det gjer noko med oss når me les i Boka. Me ser det kanskje ikkje, trur det kanskje ikkje. Me kan lesa heile Bibelen, og likevel seia at me ikkje er kristen. Så er det slik at Anden verkar i oss gjennom det me les. Ein dag oppdagar eg at dette gjeld også meg.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå