Me treng ein reformasjon av Luthersk format

Svein Grødaland slår alarm om eit samfunn som glir bort frå plikt, kunnskap og motstand, og peikar på korleis både skulen, foreldra og den digitale kvardagen gjer oss svakare. I innlegget spør han om me rett og slett er blitt meir late, og om landet treng ein ny oppvakning, med ein skule som liknar meir på den som ein gong lærte heile generasjonar å lesa, rekna og tenkja sjølve.

Av: Svein Grødaland.

Det går den vegen høna sparkar. For byfolk: Bakover. Fakta ligg heilt opp i dagen. Kunnskapen i sentrale fag som lesing og rekning vert dårlegare. Skulen får skulda. Eg trur ikkje det er så enkelt.

Det heilt sentrale spørsmålet: Er me litt meir late? Mennesket er slik innretta at dei aller fleste av oss vil ta den enklaste vegen, den med minst strev og minst motstand. Med andre ord: me treng ein viss motstand for å kunna yta. Me treng plikter, me treng krav til oss.

Seinast i dag høyrde eg ein politikar som ville satsa på kunnskap. Saka handla om kor vidt foreldre skal betala for skulefritidsordning for fjerde klasse. Byråden ville heller satsa på kunnskap i skulen, utan å presisera kva som ligg i det. Rikspolitikaren streka under kor viktig det er at alle elevane kan leika på den same arenaen, at personalet har bedre ting å gjera enn å passa på at dei det ikkje er betalt for, snik seg inn i lag med dei andre.

Les også:  Å minnes multikulturens ofre burde være en selvfølge

Eg kan seia mangt om skule. Til dømes det faktum at me hadde ein bedre skule på sekstitalet. Me fekk læra noko den gongen. Me lærte å lesa. Det var nyttig når me skulle løysa tekstoppgåver i rekning. Me hadde historie, geografi, naturfag, litt fysikk. Desse faga fekk stå på eigne bein, ikkje rota saman i emne slik eg opplevde det i mi første lærartid.

Det er meir: Landet vårt har hatt ein periode der inntektene har kome rekande på ei fjøl; olja. Det har gjort oss til ein priviligert nasjon. Ein ting er at det har gjort oss økonomisk langsynt, me ser berre utfordringar utanlands som krev handling. Ei mild form for korrupsjon, kanskje, at me kjøper oss velvilje hos dei store? Eg let spørsmålet stå ope.

Les også:  Sviket mot Daniel Wretström

Eg har mykje å takka skulen på sekstitalet for. Me hadde bøker som kunne fengsla ein leseglad gutunge. Eg veit at hadde eg vore ung i dag, hadde eg styrt unna dei pedagogisk tilrettelagde bøkene som var tenkt til min alder. Neida. Eg las om Davy Crokket, Shetlandslarsen, forfattarar som Jules Verne, Robert Louis Stephenson, Mark Twain. Kriteriet for ei god bok var at den held heile veka, til eg kunne få låna ei ny bok. Lista var mykje lenger enn dette. Eg undrast av og til på om bøker av denne typen fins i handelen.

Me hadde boklån berre ein gong i veka på den vesle grendeskulen. Til gjengjeld kunne me få lesa i ei bok der og då nå me var ferdige med det me skulle gjera den timen. Smørbukkbøkene (Norsk Barneblad) var svært populære.

Les også:  Moské filmet og avlyttet egne medlemmer og besøkende i flere år

Positivt i dag er bøker som Harry Potter og Ringenes Herre. Bøker som dette fekk sjølv lite leseglade gutar til å setja seg ned med ei bok. Foreldre snakka gjerne om dette på foreldresamtalane.

Det er ennå von om å kunna berga kunnskapsnivået i landet vårt. Men då treng me ein reformasjon av Luthersk format. Me må tilbake til den skulen me ein gong hadde, der blyanten og boka var einaste reidskapen.

Google og nå KI sender oss strake vegen mot det kunnskapslause samfunnet. Me treng ikkje lenger veta noko. Alt kan me slå opp. Det svake punktet me dette er at ein eventuell kritisk sans krev ein del kunnskap om korleis ting faktisk er. Så lenge alt kan googlast, kjem dei fleste til å tru alt som vert servert i media og andre stader.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå