
Medan Senterpartiet set dagsorden i norsk politikk, lever MDG vidare i ein visjon om eit samfunn utan problem og utan grenser for kva som kan elektrifiserast. I dette lesarinnlegget blir partiet skulda for å setja ideologi framfor sunn fornuft.
Av Svein Grødaland.
Nå om dagen er det Senterpartiet som set politisk dagsorden. Når partiet sender opp nye politiske prøveballongar, skjelv Støre i buksene. Det siste utspelet handlar om familiegjenforening. (finn ikkje godt ord på nynorsk) SV tek på seg rollen som forsvarar av fellesskapet.
Miljøpartiet har nyleg hatt årsmøte, med Støre til stades. Dei har og ein draum. Det skal dei ha. Dei drøymer om ei bedre verd, der alle bilar er elektriske, der alle reiser kollektivt til redusert pris. Dei drøymer om eit samfunn utan miljøproblem. Dei drøymer om å løysa kraftkrisa, samstundes som samfunnet skal gjennomelektrifiserast.
Senterpartiet vil aldri gå med på dette. Det trengs ikkje forsking og doktorgrader for å sjå at Miljøpartiet sitt reknestykke ikkje går opp. Partiet spelar ballen rett i beina på Senterpartiet, så elegant at partiet ikkje treng bry seg. 95 prosent av oss ser det, alle oss som ikkje stemmer på MDG.
Ei heilt anna greie, eit døme på rar fornuft, er kattefolka i Rogaland som vil sterilisera alle kattar. Alle. MPG kunne applaudert noko slikt, av omsyn til fuglane.
Ei tredje sak er at NOAH tykkjer dei store offentlege akvaria driv med dyremishandling når dei held sjødyr i bur. Ein type fornuft heilt på linje med MDG.
Eg må beundra Arild Hermstad for ein ting: At han klarer å stå der og snakka tøv, som om det var alvor. Senterpartiet prøver forgjeves å forklara den mannen korleis ting faktisk er. Partiprogrammet overstyrer sunn fornuft.