
Kvifor reagerer folk så ulikt på dei same nyheitene? I dette lesarinnlegget går forfattaren inn i det sosiale og psykologiske landskapet bak meiningar, flokktenking og mediepåverknad. med krigen mellom USA og Iran som bakteppe, blir det stilt eit grunnleggande spørsmål: kva formar eigentleg måten vi tenkjer på, og kvifor ser vi verda så forskjellig?
Av: Svein Grødaland.
Kva er det som får folk til å tenkja akkurat slik dei gjer? Spørsmålet gjeld også denne skrivaren. Han brukar ein del tid på å tenkja gjennom små og store spørsmål.
Ingen kan reflektera i eit tomrom. Me treng råvarer, informasjon, fakta, pluss ein ting til: Input og respons frå andre.
Mennesket er eit sosialt vesen, med ein klar tendens til å tenkja i flokk. Me har flokken på mange nivå, frå familien via naboskapet til den store samanhengen, organisasjonen, partiet, nasjonen, kulturen, religionen. Alle desse flokkane dannar eit intrikat mønster over kven me er som folk og nasjon. Individuelle variasjonar kjem i tillegg.
Me vert bombardert med nyheter, ofte så intenst at me gløymer meldingane frå sist veke, eller frå i går. Eit tragisk døme på det er forhandlingane mellom USA og Iran, heilt fram til dagen det smalt. Invasjonen. Kor mange hugsar at det vart forhandla om atomavtale heilt til siste sekund? Før invasjonen melde media melde at USA pressa hardt på for å få til ein «avtale». Samstundes med at partane forhandla, flytte USA store militære styrker til havområdet rundt Iran. Typisk døme på kanonbåtdiplomati. Forhandlingar under press.
Her vart USA den taparen som mista både tillit og ansikt internasjonalt.
Internasjonalt er langt meir enn berre USA og Europa.
Kven vil forhandla med ein nasjon som pratar med våpen bak ryggen, klar til bruk. Ikkje alle her heime ser det perspektivet.
***
Folk reagerer ulikt på meldingane frå makt og media. Nokre hyllar USA/Israel for å gjera det einaste rette ved å angripa Iran. Kvifor?
Andre fordømmer angrepet, utan dermed å støtta presteskapet. Også dette kan vera vanskeleg å forstå.
Eg starta innlegget med ordet Sosiologi. Læra om sosial spelereglar. Om samfunnet, samspelet. Det handlar ikkje berre om kva som skjer, men om det evige Kvifor?