
Når kunstig intelligens overtar både tastaturet og penselen, står den menneskelege skaparkrafta i fare for å visna. Svein Grødaland tek eit oppgjer med biletehandsaming, KI-genererte illustrasjonar og vår aukande mentale latskap og åtvarar mot eit samfunn der ekte kreativitet blir fortrengd av straumslukande simuleringar og ferdigtenkte løysingar.
Av: Svein Grødaland.
Dette biletet er ekte nok. Det er ein solnedgang inne i alt buskaset. Eg vil helst forhalda meg til det som er ekte. Derfor driv eg ikkje med avansert biletehandsaming på datamaskinen heime. Det er alt fleire år sidan eg såg korleis ein nevenyttig kar kunne designa eit bilete basert på det han hadde av originalfoto.
Sidan har det blitt verre. KI-generering av bilete breier seg. Det seiest at eit slikt bilete krev like mykje straum som du treng til å lada mobiltelefonen. Eit bilete er ein mygg i den store samanhengen. Straks me snakkar om millionar av bilete, dukkar kostnaden opp. Det trengs store, kostbare data-anlegg for å driva denne gesjeften. Det kan fort verta store tal når mange små vert multiplisert opp.
Det er kanskje ikkje det verste at det er kostbart for samfunnet. Når KI-genererte bilete, og tekstar for den saks skuld, vert vanleg, kan det erstatta kreativt arbeid. Endå verre: Vår kreative muskel vert svekka når den ikkje vert brukt. KI generer først og fremst mental latskap, deretter massiv desinformasjon.
Det beste vernet mot dårlege tider, er kreative hovud. Menneskeleg kreativitet er utsett for massive angrep på oss. Når den mentale latskapen grip om seg, vert me meir ukritiske og mottakelege for all slags propaganda. Kombinerer dette med den menneskelege redsla for å ta feil, er bordet dekka for all slags demagogar. Valgkamp er høgsesong for slikt.