Kunst, kurs og kva vi held på å mista

Abstrakt kunst er lett å avfeia, men vanskeleg å forstå. På Nansenskulen sitt sommarkurs får deltakarane høve til å trengja djupare inn i kva kunst verkeleg kan vera, ikkje berre pynt, men ei form for erkjenning. Dette lesarinnlegget reflekterer over utviklinga frå dei gamle meisterane til dagens søkande uttrykk, og stiller eit større spørsmål: Kva skjer med ein nasjon som gløymer verdien av eiga kunst, eiga røynsle og eigne røter?

Av: Svein Grødaland.

Det handlar framleis om kurs. Denne gongen om noko heilt anna; om kunst. Nansenskulen har årlege kurs for oss som vil trengja lenger inn i det mysteriet kunst er. I år var det andre gongen i gruppa som arbeidde med abstrakt kunst.

Les også:  Å være kvinne i dagens Sverige

Feilkjeldene er mange. Det er ikkje nok å rolsa i hop nokre fargar og tru det er gjort med det. Det skal ikkje likna på tapet eller kjolestoff. Det skal vera noko der som får oss til å stansa opp, sjå ein gong til på biletet, sjå at det er noko der. Eg skal ikkje påstå bastant at me kom dit. Kanskje er vegen mot det målet, prosessen, vikigare.

Eg ser av og til innlegg der det abstrakte vert sabla ned som mindreverdig, sett opp mot dei gamle klassikarane frå attenhundretalet. Dei kunne kunsten å laga bilete.

Kanskje det. Deira problem, eller privilegium, var at dei levde i eit anna århundre. På den tida var mykje av kunsten familiebilete av rike menneske, malt på oppdrag. Sjølv Nattevakten av Rembrandt er eit slikt portrett.

Les også:  Å være kvinne i dagens Sverige

Nasjonalromantikken kom som ei feiring av det norske etter både svenske- og dansketid. Den var viktig, på linje med Nansen og Amundsen sine bragder i kamp mot is og ukjent terreng. Edvard Grieg og Bjørnstjerne Bjørnson gjorde på same vis sin innsats for det norske.

Så kom fotoapparatet og gjorde dette litt mindre viktig.

Kva nå? Kunstnarane sto overfor fleire utfordringar. Det eine problemet var kameraet, det andre var at økonomien turka opp for mange av dei.

Så, kva nå? Dei byrja å eksperimentera, laga kunst på ein annan måte. Kunstfeltet utvida seg i nye retningar, med ein Munch, ein Van Gogh, Vigeland, Picasso, Salvador Dali, med mange fleire. Me skaper oss bilete i hovudet når me høyrer namn som dette.

Les også:  Å være kvinne i dagens Sverige

Så kan me tenkja kva me vil når me ser på kunst. Me kan lika eller mislika, la oss provosera, eller me kan gå likegyldige forbi.

Det er ei anna sak me kanskje burde tenkja meir over. Den nasjonen som i si tid vart bygd på kunst og hardt arbeid, held på å forvitra til ein liten flik av globalismen. Det er kome så langt at nasjonalisme er blitt eit fy-ord i mange miljø. Synd.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå