
Ein gammal kopp, ein ettermiddag med kaffipause og minner etter ei mor, det er ofte i dei små, kvardagslege tinga at dei største historiene ligg gøymde. Når ein tek vare på ein einaste kopp, eit arvestykke eller eit møbel med slitasje etter tidlegare liv, held ein ikkje berre fast i tinga, men i minna. Dette lesarinnlegget frå Svein Grødaland handlar om korleis enkelte gjenstandar kan knyta fortid og notid saman og om det som forsvinn når for mykje blir tatt vare på.
Av: Svein Grødaland.
Denne koppen er spesiell, i alle fall for meg. Det var min kopp dei ettermiddagane me gjekk gjennom sakene etter mor. Kaffikoppen var aldri langt unna.
Det trengs tre mannfolk til å gjera ting enkelt. Me plukka ut kvar sin ulike kopp, og brukte den same koppen dei dagane me trong for å gjera oss ferdig.
Mange år seinare kom eg over eit halvt dusin koppar, lik koppen etter mor. Eg stoppa opp ein augneblink; skulle eg kjøpa heile settet?
Eg brukte ikkje lang tid på å slå fast, at koppen etter mor berre fans i eit eksemplar. Hadde eg kjøp desse koppane, hadde den spesielle koppen etter mor forsvunne i mengda.
Ein ting, i eitt eksemplar, bevarer det unike ved den eine tingen. Eg har trødd rundt i gjenbruksbutikkar, og truleg kjøpt litt for mange ting. Resultatet er at kvar ting forsvinn i mengda, i lag med dei andre.
Det var meir karakter over ting før i tida. Den gongen kunne folk kjøpa utstyr då dei gifta seg, som kunne vara livet ut. Eg har gjenstander som ei faster med utsøkt sans for kvalitet hadde skaffa seg. Eg har ein liten stol som mormor har brukt. Kanskje ho hadde arva den etter si mor. Eg har sjølv ting det knyter seg minne til.
Forteljingane bleiknar med åra. Minnet om dei gamle. Nokre få gjenstander kan kalla fram minner og dei som var. Det hadde vore ein fin tanke å kunna formidla både gjenstander og minner vidare til neste generasjon. Det er berre å erkjenna at dei fører stafetten vidare, og etterlet meg med mine ting og minner. Det må vera slik. Ingen generasjon kan dra med seg alle historiene frå generasjonen før. Eg skulle likevel likt å visst litt meir. Forteljingar om det daglege livet for rundt hundre år sidan, då dei var born og vaks opp i ei anna tid