
MDG har kasta seg inn i forhandlingar med eit løfte om ein oljekommisjon, men spørsmålet er om partiet er blitt lurt av meir erfarne aktørar i Ap og Senterpartiet, for bak lovnadene ligg ei røynd der kraftunderskot, industrikrise og ein vaklande klimapolitikk teiknar eit heilt anna bilete av framtida enn det makt og media framleis prøver å halda fast ved.
Av: Svein Grødaland.
Spørsmålet er om MDG er blitt lurt av ringrevane i Ap og Senterpartiet. Dei har fått lovnad om ein kommisjon som skal seia noko om dei siste tidene og litt om framtida for oljesektoren, basert på situasjonen i dag. Kven treng olje og gass, kor mykje og kor lenge? Kor lenge kan Norge levera? Kva med andre stabile energikjelder, som vannkraft og atomkraft? Elektrifiseringa av samfunnet skaper i seg sjølv underskot på kraft. Dette bidreg til å øydeleggja vår status som industrisamfunn. Den kraftkrevjande industrien er ryggrada i mange småsamfunn i landet, og kan neppe erstattast av det nye kontorsamfunnet, det som bygger på kunnskap.
***
Norge har enorme mengder thorium, som kan utviklast til energi. Det seiest at Kina arbeider med teknologi som kan bruka thorium kommersielt. Militaristane våre likar ikkje at thorium, fordi det ikkje kan brukast til våpen.
I Norge lever M&M (makt og media) ennå i den trua at samfunnet er stabilt, og at det meste kjem til å verta som før. Det er ikkje tilfelle. EU er inne i ei djup krise, som både EU sjølv og våre eigne M&M underkommuniserer grovt.
Den andre sida av saka, er at dogmet om klimakrisa held på å tapa terreng. Fredrik Solvang slapp den katten ut av sekken då han forkynte at ingen som var skeptisk til klimakrisa, fekk koma til orde i Debatten. Det gjaldt fleire saksområde. Uavhengig?
Klimatoppmøtet var ikkje så «topp» som før. Ungdommen er mindre interessert i klimasaka.
Frå historia veit me at kalde tider er dårlege tider for folk, medan varmare tider er gode tider. Så, kvifor denne panikken på grunn av litt mildare klima? Me burde jubla.
Det er svært arrogant av oss å tru at me kan styra klimaet. Det lever sitt eige liv. Eg har liggjande ein film om Al Gore sine fantasiar omkring klima. Den er dramatisk. I ettertid ser me kor langt Gore var frå realitetene.
Sjølv om fakta peikar i mindre dramatisk retning, er det ein tung slipestein snu den opponionen som framleis trur på klimadogmet.
***
Så var det skylappane. Trudde verkeleg MDG at dei kunne få Stortinget med seg på ein nedtrappingsplan slik situasjonen er på Stortinget? Der er det store fleirtalet for å halda fram med utvinning av olje og gass. Eller, var det Ap som undervurderte idealismen hos MDG?
Som ein kynikar i media sa: Når Senterpartiet ikkje protesterer på MDG-pakken, har det ikkje skjedd nokon endring. Business som før.