Imperialisme

I dette leserinnlegget stiller Svein Grødaland spørsmål ved bruken av ordet imperialisme, eit omgrep me ofte nyttar om andre, men sjeldan om oss sjølve. Med døme frå norsk utanrikspolitikk, investeringar i utlandet og eksport av verdiar og idear, utfordrar han det sjølvbilete mange nordmenn har: Er Norge i realiteten ein imperialist, berre i ny drakt?

Av: Svein Grødaland.

Imperialisme er eitt av desse orda som vert slengt uti hytt og vær, ofte utan å tenkja over kva ligg i ordet. Som oftast vert det brukt om nasjonar me ikkje likar sine aktiviteter utanriks.

Lars Korvald, statsminster frå KrF, skal ha sagt at me må hugsa me er eit lite land. Det var me også, ein gong, er det ennå. Ein mann som Jonas Gahr Støre vil aldri finna på å seia noko slikt. I hans hovud er Norge ei økonomisk og politisk stormakt, med musklar til å gjera ein forskjell rundt om på kloden. Han deler ut milliarder i utlandet med rund hand. Me er i tillegg alliert med den største imperialistmakta på kloden. Norge går USA sitt ærend utan spørsmål. Ikkje ein gong pressa stiller spørsmål. Dei held fram mikrofonane sine, og let makta prata.

Les også:  J'Accuse! 15-årig bussbrannterrorist fra Albania; mange skyldige!

Kva ligg det i ordet? Litt amatøretymologi: Kjernen i ordet er imperium, enten ei stormakt, eller ei mindre makt med ambisjonar. Det handlar om å gjera seg og sitt gjeldande i eit større område enn berre sitt eige. Mesteparten av Afrika var i si tid koloni under ein imperialist. Dei skaffa seg rikdom på den måten. Kan utgangspunktet for ordet kolonialvarer vera varer me henta frå land der peparen gror? Koloniar?

Militær imperialisme: Erobring av nytt land. Ta kontroll. Alle forstår kva dette handlar om.

Økonomisk imperialisme: Nasjonar med mykje pengar investerer i utlandet, også i fattige land, med forventing om utbytte. Her er Norge med i klubben, med vårt Pensjonsfond Utland, oljefondet. Tanken bak dette fondet var genial, i si tid. Den er framleis genial. Problemet er at fondet er blitt ei leikegrind for finansakrobatar og verktøy til norsk imperialisme. Me har andre verktøy i klassen; Norfond, statens investeringsfond for utviklingsland.

Les også:  Nok en uke med dreping i Ukraina!

Det var i si tid investert 280 millionar norske kroner i solcelleanlegg i Honduras. Så ville Honduras ta politisk kontroll over forsyninga av elektrisitet. Dette kunne truga investorane sin profitt. Nå er det ei internasjonal lov som gjer at private selskap kan saksøkja statar dersom dei taper økonomisk på politikken som vert ført. Norske selskap var med på å bruka jus mot fattige u-land for å sikra eigen profitt. Stygg sak. (kjelde: Klassekampen og Friheten, 2023)

Kulturell imperialisme: Det er viktig for oss å spreia våre idear om likestilling og demokrati. Me er til og med viljuge til å bruka militær makt for å oppnå dette. Igjen: Afghanistan, Iran, Irak. Er det så sikkert at vår modell er den beste for alle? Det har eg lurt på, meir enn ein gong.

Les også:  Lindberghs byste trekker på smilebåndet

Den religiøs imperialismen heng tett saman med den kulturelle. Me har prøvd å eksportera vår kristne religion til alle land. Det ligg sjølvsagt i saka sin natur å gjera det, ut frå misjonsbefalinga i Bibelen. Spørsmålet er om det har vore kulturelle blindpassasjerar med på den reisa?

Ironisk nok får me kulturell og religiøs imperialisme i retur. Islam er både politikk og religion, og den spreier seg og gjer krav på respekt som om me alle var muslimar. Muslim Brothers starta ei rørsle på tjue-talet, som skulle handla om å spreia Islam ved migrasjon og store familiar. Dei har lukkast eit stykke på veg.

Min konklusjon: Me skal vera litt forsiktige med å skulda andre land for imperialisme, og tru at me sjølv har alt på det turre. Det har me ikkje.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå