Hund og katt

I neste liv vil Svein Grødaland vera katt. Hunden må lyda, men katten er fri. Han drøftar kvifri han føretrekk kattens sjølvstende framfor hundens lojalitet  og samanliknar menneske som blindt følgjer reglar med lydige hundar. Katten bestemmer sjølv: når den vil kosa, jakta eller berre sitja og ha oversikt.

Av: Svein Grødaland.

Dersom eg skulle velja å vera eit dyr i neste liv, måtte det vera å bli katt. For å seia det enkelt: Hunden lever eit hundeliv. Den må gå i band, eller stå i band. Greitt nok at hunden er flink og dresserbar, godt tilpassa eit autoritært system der sjefen bestemmer. Eg har møtt ein del menneske som har det som hunden. Dei har den doble l’en som rettesnor: Lojalitet og lydighet. Eg tykkjer synd på slike menneske, som ikkje vågar å tenkja andre tankar enn det einkvan har tenkt før. Dei har liten sans for dei små ulydighetene, der situasjonen krev handling utanom boksen. Eg har til og med blitt møtt med kommentaren: «Me har ikkje prosedyre for det» når situasjonen krevde eige initiativ.

Katten er fri. I eit tidlegare liv som spaltist brukte eg Gråpus som talerøyr. Gråpusen snappa opp mykje rart, han. Som katt kunne han koma og gå når han ville. Det er han som bestemmer kor mykje han vil smiska med mennesket sitt. Han  kan leva sitt frie liv ute i nabolaget, jakta litt, eller berre plassera seg ein stad der han har heile oversikten.

Les også:  Imperialisme

Katten er fri, har sine små hemmeligheter som husbondfolket ikkje treng bry seg med. Det vert omlag som å vera ungdom og ha sine prosjekt som foreldre ikkje treng veta noko om. Det aller beste med å vera katt, er sjølvrespekten. Katten treng ikkje vera logrande underdaning, som ein hund, eller reisa seg på to for å slikka husbond opp etter ryggen. Eller, var det i fjeset?

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå