
I eit nytt leserinnlegg tek Svein Grødaland eit oppgjer med det han meiner er hykleri og dobbeltmoral i det såkalla grøne skiftet.
Av: Svein Grødaland.
Me må over på det grøne skiftet, heiter det. Greitt nok. Men kva er det grøne sporet?
Den grøne fargen står for litt andre verdiar. Vårt levesett er på ingen måte grønt. Det hjelper lite at folk kjøper el-bil, røystar grønt og vonar at me skal verta litt rikare neste år. Litt meir å rutta med.
Kva er grøne verdiar? Ein klok bonde veit at han ikkje kan henta ut meir avling på garden enn det som naturleg kan veksa på jorda. Han må ha nok grovfor på lager så det held til våren og graset tek til å veksa på ny.
Overført på resten av oss: Me bur på ein liten flik av ein stor klode. Det er mange av oss, etter kvart rundt åtte milliardar menneske. Det store spørsmålet er: Korleis forvaltar me dei ressursene me har? Både lokalt og globalt. Er det nokon som tek meir enn sin del slik at andre får mindre? Let me destruktive krefter som krig og drap få rom? Eller brukar me resursene til beste for kvarandre?
Me veit svaret. Homo Sapiens er dårlege forvaltarar av felles ressurser og verdiar.
***
Det som forundrar meg meir enn noko anna, er den grøne dobbeltmoralen. Dersom dei som styrer trur på teorien om menneskeskapt oppvarming, og veit at overforbruket av ressurser er enormt; kvifor handlar dei ikkje i samsvar med denne kunnskapen?
Det er fleire moglege svar:
Det er inga menneskeskapt global oppvarming. Det er ingen effektive tiltak, berre prat og luftige planar. Tiltak som fungerer, vert ikkje rekna med. Skog. Militær aktivitet dreg den andre vegen.Derimot vert det statsa stort på kostbare ting som i beste fall fungerer lokalt, men ikkje globalt. Elektrifisering av sokkel. Det er ikkje anna ennå sopa søpla over på naboen. Null effekt globalt.
Det err først og fremst klimafolket sin dobbekommunikasjon som gjer at eg ikkje trur på forteljingane deira. Kloden har til alle tider vore utsett for endringar. Det som skjer nå, er ikkje noko nytt.
Det andre momentet er at når mennesket byrjar å tukla med ting, vert resultatet fort verre.
***
Eg vert meir og meir sikker på at teorien om global oppvarming er svindel og bløff. Teorien baserer seg på at alle verdiar er konstant, og at sjølv små endringar kan få dramatiske konsekvensar. Nå er det slik at ingen ting på kloden er konstant frå naturen si side. Milde år vert erstatta av kjølige år, som vert erstatta av mildare vær. Dette er heilt naturleg.