
Av Svein Grødaland.
Samtalen i baren, over eit glas øl, har ikkje den same politiske vekta som om orda vart ytra frå ein offentleg talarstol, som i dette tilfellet under eit landsmøte. FrP-topp Hårek Hansen har nå sagt noko dumt over eit glas øl, diverre i lag med journalistar.
Når desse kvesser knivane og publiserer toskeskapen, bryt dei minst ein presse-etisk regel: Den som vert sitert, har rett til å få sitatet til gjennomsyn og godkjenning, spesielt sidan det er sagt på fritida, utanfor ein klart definert intervjusamanheng..
I tillegg har journalistane gjort noko dumt for eigen del; når folk opplever å verta sitert i hytt og vær på denne måten, vert folk meir forsiktige med kva dei seier.
Det minste dei burde gjort, var å spørja om dei kunne få sitera han. Gjorde dei det?
Hårek har dumma seg ut. Det er minst like dumt av politikarar frå den andre sida å bruka dette for meir enn det er verd. Dei burde avvist saka og sagt at dette var ei sak som ikkje er verd ein kommentar. I staden har dei dumma seg ut, lokka ut på den politiske glattisen av nokre amatørar frå TV2. Her prøver mine frender på raud side å laga ei stor sak om ingen ting. Dei trør gjennom isen med eit utspel med null politisk innhald.
For øvrig er mine parti Raudt og Senterpartiet. Takk for praten.