For fred og rettferd

Når eit lite parti krev stans i støtta til Ukraina, vert det møtt med skuldingar om russisk påverknad. Men kven er det eigentleg som har blanda seg mest i andre land sine val og krigar? Svein Grødaland stiller spørsmål ved vestleg hykleri og meiner For Fred og Rettferd har blitt eit reelt alternativ i ei verd der Vesten er i ferd med å tapa krigen i Ukraina.

Av: Svein Grødaland.

Kva skjer når eit lite parti går ut med brask og bram og krev stans i løyvingane til krigen i Ukraina? Ine Eriksen Søreide viser til ei lang rekke valg der Russland har prøvd å påvirka resultatet. (NRK)

Les også:  Urolige tider

Det er ikkje berre Russland som driv med slikt. Også USA har vore svært aktive med slikt, mellom anna i Ukraina, og truleg også i Romania. Det er visst i orden.

Kampanjen har vore effektiv i den forstand at partiet For Fred og Rettferd er blitt lyfta fram i lyset. Nå vil dei fleste ha fått med seg at det fins eit slikt parti. Mi tru er at dette vil lyfta partiet i opponionen og gjera det til eit realistisk alternativ, ikkje minst fordi Vesten held på å tapa krigen i Ukraina.

Les også:  [Langlesning] Nasjonenes kamp

Ukraina sin skodespelar held på å gå tom for manus. Han har ikkje lenger nokre kort å spela med. Situasjonen på bakken går i ei heilt anna retning. Likevel prøver våre europeiske leiarar å bera havre til daud hest. Det er svært uvanleg at ein tapande part i ein krig er i stand til å stilla krav når det skal forhandlast om fred.

Det er to partar som er i i stand til å stilla krav, enn så lenge. USA, som gjorde opptakten til krigen ved å rusta opp Ukraina militært lenge før krigen braut ut. Vesten rekna det som ei enkel sak å slå Russland på Ukrainsk jord. Slik har det ikkje gått. Fronten har flytt seg mot vest. Det Russland har erobra, vil verta verande russisk.

Les også:  Eit forsøk på å forstå ...

Det som er verre, er at Russland tek til å mista tillit til Vesten. Media skriv om at Russland vil gå frå avtalar om havrett, om delelinjer, om fiskeri. Trua på at Vesten er i stand til å halda avtalar, minkar.

Tillit kan rivast ned på kort tid, men tek lang tid å byggja opp att.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå