
Dette er eit leserinnlegg av Svein Grødaland, som tek for seg EU sitt omstridde lån på nitti milliardar euro til Ukraina, og stiller grunnleggjande spørsmål ved både dei økonomiske premissa og dei politiske realitetane bak vedtaket, samt kven som i realiteten tener på at EU bind seg til meir gjeld og meir krig.
Av: Svein Grødaland.
Ein treng ikkje nokon mastergrad i økonomi for å sjå at EU sitt «lån» på nitti milliarder euro vil verta ein katastrofe for EU. Ingen kan leva lenge av lånte pengar. (bortsett frå USA) Det kjem ein dag då kreditorane vil ha lånet tilbakebetalt, med renter. Her er tunge finansielle aktørar på banen, som Black Rock. Desse karane likar ikkje å gå med tap.
Eit lån til Ukraina var plan B etter at EU ikkje klarte å få alle med på å bruka russiske pengar til å finansiera krigen mot Russland eit par år til. Belgia mobiliserte alle motforestillingar mot lån, og stilte harde krav til EU om garantiar mot både politiske og økonomiske krav. Som det enkle: Kva om Russland vinn krigen? Ein utenkeleg tanke.
Vedtaket byggjer på ein sviktande premiss, at Ukraina vinn krigen på vegne av EU og USA. Sjølv svorne Nato-folk innser at det går feil veg, at Russland gneg seg vidare inn i Ukraina. Det fins ingen ting som kan snu denne utviklinga.
USA har stengt pengekranen, og overlet til eit bankerott EU å betala for meir krig. I praksis går mykje av desse pengane til den amerikanske våpenindustrien. Kven tener på det? USA, sjølvsagt. Det er lett å sjå på dette som Trump sitt forsøk på å få sving på den amerkanske realøkonomien. Pengar må tenast ved å produsera.
Når alt dette er sagt; Kor lenge har Ukraina nok soldatar til å kunna bruka all EU-hjelpa? Klarer fabrikkane produsera våpen fort nok? Pengane er ikkje verd nok dersom du ikkje får varene. EU har bestilt meir krig. Klarer Ukraina å levera? Eg trur ikkje det.