
Israel er under angrep, seier dei og slår tilbake. Men når eit forsvar blir eit angrep, kven forsvarar seg då mot kven? I møtet mellom sympati og strategi, historie og haldningar, treng me meir enn meiningar. me treng spørsmål. Lesarinnlegg av Svein Grødaland.
Alle land har rett til å forsvara seg mot angrep. Også Israel har lov å forsvara seg. Så går Israel til angrep på Iran. Korleis heng dette saman? Kva skal me tenkja om det?
Mange her heime har stor sympati for Israel. Det ser ut til at det gjeld uansett kva Israel måtte finna på. Både organisasjonar og einskildpersonar engasjerer seg.
Det er lov til å ha meiningar. Meiningar er gjerne basert på eit utvalg fakta som passar inn i forteljinga.
Sjølv har eg etter kvart færre meiningar og fleire spørsmål. Skal eg ha von om å finna ut av situasjonen, må eg gå tilbake i historia. Kva er fakta, og kva er myter? Kva fakta er relevante. Kor mykje kan eg forenkla utan at det vert feil?
Ingen krig kan forklarast berre ved å sjå på det dagsaktuelle. Alle krigar har ei forhistorie.
Min eigen ståstad er heller ikkje utan relevans for kva konklusjonar eg trekker. For meg er det eit berande prinsipp at all krig er uakseptabel, akkurat som militær opprusting er kortaste vegen til ufred og krig.
Med andre ord: Det ser ikkje lyst ut. Statistikken viser at USA og Israel troner på toppen av lista over krigerske statar. Israel har i alle år sidan 1948 ført ein lågskala krig mot sine palestinske naboar. Israel har okkupert palestinsk land og eigedom, og bygt ut eigne busetnadar der det budde folk frå før. Desse er systematisk blitt jaga vekk. Denne lågskala krigen har hatt sine toppar, den siste ved krigen mot Gaza.
Alle har rett til å forsvara seg. Det gjeld også menneske i okkupert område, som på Vestbredden. Israel sitt retoriske mottrekk er å definera motstand som terror, og handla deretter.
Israel er på mange måtar lik oss i Europa. Dei har ein rimeleg moderne stat. Men: Israel definerer seg som ein jødisk stat, med ulike rettar for jødar og andre grupper, først og fremst kristne og muslimar. Desse er annanrangs bogarar i Israel.
Iran er ein muslimsk stat, de presteskapet har bukta og begge endane. Presteskapet kom til makta etter av den vestorienterte diktatoren Shahen vart styrta og sendt i eksil til USA.
Islam er pr definisjon eksklusiv i den forstand at berre Islam er lovleg religion og ideologi i ein islamsk stat. Iran si haldning til kvinner er vel kjent. Det er strenge reglar for klesdrakt, og det religiøse politiet handterer dette på strengaste vis. Drapet på Jina (Mahsa) Amini, vart slege stort opp i vestlege media og førte til demonstrasjonar i Teheran.
Her heime ser nokre positivt på at prestestyret er under press frå Israel. Folket i Iran vert oppfordra til å bruka denne situasjonen til å styrta prestestyret. Det kan like gjerne slå andre vegen, at folket samlar seg om sine leiarar i ein vanskeleg situasjon. Det beste er at folket i Iran sjølv kastar ut prestestyret når tida er inne til det.
Kva nå? Vil Israel vera i stand til å vinna denne krigen utan at andre land vert dregne inn og at det resulterer i ein større konklikt? Eg er ikkje optimist på det punktet.