Ein trist sorti

Erna Solberg og Høgre prøver å vinne tilbake veljarane med tiltak som fleire skuletimar for dei minste, men alt tyder på at dei har misforstått kva både born og læring treng. I dette lesarinnlegget tar ein tidlegare lærar og bygdeunge eit oppgjer med idéen om meir skule som løysing, og minner oss på kor mykje verdifull læring som skjer utanfor klasserommet, med eigen fantasi, praktisk sans og fri rørsle i natur og nærmiljø.

Av: Svein Grødaland.

Erna Solberg og Høgre kavar desperat etter å kjøpa oss veljarar tilbake. Siste sprell er å utvida skuletida for dei minste med nokre timar. Heldigvis møter ho bastant mostand i Dagsnytt-18, både frå politisk og fagleg hald. Det var interessant å sjå at Solberg sitt smil vart stivare og stivare. Fint at media fungerer.

Les også:  J'Accuse! 15-årig bussbrannterrorist fra Albania; mange skyldige!

Så langt har utspela til ho og partiet verka fråstøytande på meg. Lenger skuledag? Ein gammal skulekamerat la nyleg ut eit bilete av oss som gjekk i småskulen den gongen. På den tida gjekk me på skulen tre dagar i veka, fem timar kvar dag. Det vart folk av oss, sjølv med så få timar. Når eg hentar fram læraren i meg, ser eg at me hadde ein langt bedre skule den gongen. Me lærte å løysa tekstoppgåver i reknetimane. me stillte opp eit reknestykke og rekna ut. Me lærte å bruka eige hovud på ein heilt annan måte.

Les også:  Lindberghs byste trekker på smilebåndet

Me gjekk som sagt på skulen tre dagar i veka, enten måndag, onsdag og fredag, eller tysdag, torsdag og laurdag. Skulehuset vart brukt seks dagar i veka, pluss sundagskule annankvar sundag. Skiljet mellom kvardag og helg var litt fleksibelt for oss som hadde dyr på bås.

Høgre sin ide er å pøsa på med meir av det som ikkje fungerer.

Det hadde vore langt bedre å redusera timetalet og leggja til rette for at borna kunne finna ut av ting, utan at det var vaksne til stades. Eg vaks opp på landsbygda, med utmark, steinrøysar, kort veg til sjøen og eit eventyr av ein låve. Me fann sag, hammar og spiker. Me las indianerbøker og laga pil og boge med det me fann, som oftast ei solid grein av næraste rognetre. Det fungerte godt nok for oss.

Les også:  Nok en uke med dreping i Ukraina!

Det var ikkje fullt så moro å luka i poteter og gulerøter, plukka rips om hausten.

Så veit eg at denne skuletida ikkje var like kjekk for alle. Mange hadde bedre tak på det praktiske. Det hadde vore ein pest og ei plage å bøta på deira utfordring med fleire timar. Skuledagen kunne vera lang nok.

Men Høgre får framleis ikkje mi røyst til hausten.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå