Ei rævva måling

SV meiner løysinga er å skjerpa seg, etter å ha vorte pressa ned mot sperregrensa på dei nyaste meiningsmålingane. Men er det nok å skjerpa seg, dersom ein held fast ved den same politikken som stadig færre veljarar vil ha, og som fleire openbert meiner Raudt eller andre parti representerer betre.

Av: Svein Grødaland.

Det er SV sin konklusjon etter at veljarane har sendt dei ned mot fire-talet på den nyaste meiningsmålinga. Me må skjerpa oss, seier dei.

Er det godt nok å skjerpa seg, for å halda fram med den same politikken? Kva om det berre er i overkant av fire prosent av oss som vil ha SV sin politikk? Som kanskje tykkjer at Raudt er eit bedre alternativ?

Les også:  Hegnar refser Barth Eide: – Pølsevev om habilitet

Dei politiske partia sitt store problem er at dei veit så uendeleg mykje bedre enn oss sjøl kva som er best. Erik Bye sa det slik: Dei politiske partia er våre tenarar, ikkje våre herrar. Politikarane syndar grovt mot dette. Dei har sine program, pluss sine kjepphestar dei rir så snart høvet byr seg. Eg veit om minst ein politikar som får meg til å tenkja omlag som så: Nei. så menn. Dette kan eg ikkje støtta. Heldigvis er vedkomande sitt parti godt under sperregrensa.

Les også:  Kontrabeskjed fra Caritas: Eide var engasjer i et internship

Ordet «populisme» vaker rett under vannskorpa i dette landskapet. Kva er politikk? Er det å styra på vegne av oss andre, eller er det å overstyra oss ved å pressa gjennom eigne kjepphestar? Såkalla saker. Politikarar vert vald for fire år om gongen. Då vil det sjølvsagt dukka opp saker ingen tenkte på under valgkampen. Då er det viktig å ha nase for kva som rører ser ut hjå oss folk flest.

Les også:  Å være kvinne i dagens Sverige

Ein enkel definisjon på populisme er å lytta til folket og formidla folket sin vilje inn i makta sine korridorar, og setja sitt eige land sin interesser først.

Gjer SV det? Ein ting er kva partiet sjølv meiner. Ei anna sak er kva me på utsida oppfattar. SV gjorde eit dårlig valg, og held fram med å gjera det dårlig på meiningsmålingane. Kanskje partiet skulle snakka litt med raudt? Eller, gud forby, FrP?

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå