
I dette leserinnlegget tar Svein Grødaland et oppgjør med det han mener er en nærmest urørlig Israel-lojalitet i kristne miljøer, og stiller spørsmål ved hvordan religiøs overbevisning har gjort legitim politisk kritikk tabu. Med utgangspunkt i Bibelen, okkupasjonsspørsmålet og situasjonen for kristne palestinere, argumenterer han for at Israel må vurderes etter samme moralske og folkerettslige standarder som andre stater.
Av: Svein Grødaland.
Det er ei sak mange av oss kvir seg for å ta i: Israel. Kvifor? Svaret er diverre enkelt: Kritiserer eg Israel, får eg ein sint bisverm med kommentarar rundt hovudet, der alle argument er lov for å tukta den formastelege.
Eg har vener som er fanatisk pro Israel, uansett kva landet finn på. Eg hugsar frå min ungdom, då ein gammal predikant fortalde at han skreiv årstalet 1948 i Bibelen sin, det året Israel vart etablert.
Der har eg nøkkelen til å prøva å forstå den posisjonen Israel har, spesielt i religiøse miljø. Det er Guds vilje at folket hans skulle få tilbake landet sitt. Guds vilje.
Så kan me ta turen til Det Gamle Testamentet, til forteljingane om korleis Israelsfolket erobra landet sitt etter utferda frå Egypt. Desse skildringane kan vera nokså brutale.
I 1.Mosebok kap. 12 finn me dette:
» Og Herren sa til Abram: Dra bort fra ditt land og din fars hus til landet jeg vil vise deg!
Og jeg vil gjøre deg til et stort folk, og jeg vil velsigne deg og gjøre ditt navn stort: Du skal bli til velsignelse.
Og jeg vil velsigne dem som velsigner deg, og dem som forbanner deg, vil jeg forbanne, og i deg skal alle jordens slekter velsignes.»
Her ligg sjølve fundamentet for den religiøse støtta til staten Israel. Haldninga til Israel vert kobla opp mot religionen. Den som kritiserer Israel, kritiserer Vårherre. Derfor sit det langt inne for våre frikyrkjer og bedehus å kritisera Israel for noko som helst.
Avsnittet inneheld eit anna punkt: Alle slekter på jorda skal velsignast gjennom Abram. Det peikar fram mot Jesus og kristendommen. I jødisk samanheng er dette kontroversielt, var det i endå større grad på Jesus si tid. Var det ein ting som provoserte samtida, var det kontakt med ikkje-jødar. Hedningar. Gojim. Jesus sprengde den jødiske ramen, det jødiske forbodet mot kontakt med andre. Det tok likevel si tid. Først i Apostelgjerningane kan me lesa at jøde og hedning vart sidestilt og likeverdige i den kristne kyrkjelyden. Det skjedde ikkje utan strid. I starten var kristendom berre for jødar.
Det kan vera verd å ta med at det er forbod mot misjonering i Israel, forbod mot å prøva å omvenda jødar til kristendommen. (Kjelde: Israelsmisjonen)
Eg ser på Israel som ein heilt vanleg stat, i den grad det er mogleg. Eg stiller det same kravet til Israel som eg vil stilla til kva som helst annan stat. Ingen stat har rett til å kryssa grensa til nabolandet, slå seg ned, byggja ein liten by og jaga dei som var der frå før. Likevel har dei «fått lov» til å gjera det, heilt sidan 1948.
Ja, men Israel må ha rett til å forsvara seg, vert det sagt. Sjølvsagt. Men dei har ikkje rett til å forsvara okkupert område. Der er det dei som er okkupert som har rett til å forsvara seg, mot okkupanten, i dette tilfellet Israel.
Er eg dermed anti-semitt? Jødehatar? Nei. Eg berre prøver å sjå litt bak teppet, sjå nokre samanhengar. Mitt utgangspunkt er at både jøde, kristen og araber har det same kravet på eit godt og trygt liv.
Etter eit par år med uro kjenner kristne i Betlehem seg nå trygge nok til å feira jul. Betlehem ligg i den arabiske delen i området. Med den plassen Betlehem har i kristendommen, er det ikkje så rart at mange strøymer til denne byen i julehøgtida. Dette er sjølvsagt kjærkomne inntekter. Det er i alle sin interesse at både turistar og pilgrimar finn vegen til det heilage landet.
Berre så det er sagt, Betlehem er ein kristen by midt i eit hav av Islam og press frå Israel. Det som verkeleg undrar meg, er kor lite omsorg og omtanke desse får frå medkristne her heime, i ein mildt sagt pressa situasjon.