
Det vert no sagt at det neppe varer lenge før zelenskij får det svarte merket, eit bilete som berre røynde lesarar Stephenson og Skatten på sjørøverøya kjenner rekkevidda av. Der innebar det svarte merket ein stille beskjed om at tida var ute, ein dom levert innanfrå eigne rekkjer, ein bodskap om at dagane var talte. Når dette bildet vert brukt om Ukraina sin president, peikar det mot ei gryande erkjenning av at både krigen, korrupsjonen og den vestlege illusjonen om siger nærmar seg eit punkt der alt må klårnast.
Av: Svein Grødaland.
Ein artikkel på Steigan.no. Der vert det sagt om Zelenskij at det varer neppe lenge før han får «det svarte merket». Ein må kjenna sin R:L: Stephenson og skatten på sjørøverøya for å veta kva som ligg i utsagnet. Det i seg sjølv kunne vera verd ein epistel.
Det svarte merket var ei intern greie i sjørøvarmiljøet. Det svarte merket var ein beskjed om at nå er det nok. Det var ein beskjed om at nå er dagane dine talte.
Joe Biden fekk det svarte merket av sine eigne rett før valget. Han havna på sidelinja. Mao og Firerbanden fekk det svarte merket i si tid. Kina var lei av revolusjon. Nå ville dei leva. Mao var etter kvart ein klamp om foten for kinesarane, slik «president» Zelenskij truleg er det for folket i Ukraina. Zelenskij må veta kva veg det går. Likevel bit han seg fast i makta. Soldatane døyr på slagmarka. Soldatane deserterer. Meiningsmålingar melder om aukande motstand mot krigen. Landet vert øydelagt.
***
Det må gå i retning av ei avklaring av krigen i Ukraina. Russland rykker fram, sakte, men sikkert. Det er avdekka korrupsjon heilt inn i den næraste kretsen rundt Zelenskij. Så nær at det er vanskeleg å tenkja seg at han ikkje er korrupt. Han må ha visst, og han er ein del av ein korrupt tradisjon. Problemet er livsfjerne politikarar i Europa, medrekna våre eigne Barth-Eide og Støre. Dei tre store i Europa trur dei kan vinna krigen. Retorikken er deretter, så pass at Russland finn tida inne til å åtvara krigskåte politikarar i vest: Skulle Europa finna på å gå til krig mot Russland, er russarane klar til å slå tilbake. Dette vert misforstått her vest. Det er ikkje varsel om krig. Det er ei klar melding om at Russland er i stand til å forsvara seg.
I mellomtida bør den politiske eliten i Europa lesa litt elementær historie, med vekt på erobringstokt mot aust. Eit normalt skulepensum burde halda.