
I dette leserinnlegget peikar Svein Grødaland på at jorda alltid har vore i endring, og at det grøne skiftet ikkje handlar om tekniske løysingar, men om natur og skog. Han meiner krig er den verkelege klimaverstingen, medan vindmøller og taltriksing fører oss på villspor.
Av: Svein Grødaland.
Eit TV-program om jorda si historie, 4,5 milliarder år tilbake. Her er mykje dramatikk. Så lite som skilde mellom ein aud og tom klode, samanlikna med den jorda me har i dag. Mennesket vert lite og makteslaust i møte med dei voldsomme endringane kloden gjekk gjennom for å framstå som i dag.
Naturen er ein skjør balanse me ikkje skal tukla med. Eg trur mykje av hysteriet i dag handlar om at me er livredde for endring, også dei endrinane naturen sjølv står bak.
Sanninga er at kloden alltid er i endring, kvar dag, kvart år. Kontinenta flyt rundt, og klimaet endrar seg, i takt med skiftande solsyklusar. Det var ei tid då både for mykje og for lite karbon skapte endringar. Sjølve motoren bak eit leveleg liv, er det grøne, er skogen. Er det mykje CO2, legg den meir på seg, lagrar meir CO2. Det utrulege er at Norge ikkje tek omsyn til eigen skog i vår CO2-rekneskap. Det er tukling med tal, deretter tukling med naturen når me set i verk såkalla tiltak, ofte i lause lufta utan målbar effekt.
Ein kan ha ein mistanke om at motivasjonen ligg ein heilt annan stad. Ein industri med minkande oppdrag set sin lit til at dei kan byggja hav-vindmøller. Ikkje på grunn av klima, men eigne arbeidsplasser.
Eg har sagt det før; Det grøne skiftet handlar ikkje om grøn teknologi, men om natur, skog. Det grøne skiftet må nødvendigvis føra til redusert levestandard. Me kan handtera det og, berre me får tenkt oss litt om. Vårt kjære miljøparti er framleis på villspor. Tekniske løysingar er ikkje vegen å gå. Einaste farbare vegen er å senka forbruket ned til det kloden er i stand til å levera.
Den verkeleg store elefanten i dette spelet, er krigen. Skal ein ta omsyn til CO2, er krig med moderne våpen absolutt det verste me kan gjera. Den politikaren som snakkar fram både grønt skifte og krig, er ikkje truverdig. Han lyg om det eine eller det andre. Nå er mantraet i vårt hjørne av kloden meir ressurser til krig.