Det går mot jul

Julen bar ein annan glans i barndommen, då tida stod stille og undringa var sjølvsagt. I dag går dagane fortare, ikkje fordi klokka har endra seg, men fordi me har bytt forventning med kontroll, tru med fakta, og undring med måling. Når jul atter nærmar seg, vert spørsmålet ståande att, kva har me eigentleg vunne, og kva har me mista på vegen.

Av: Svein Grødaland.

Jul hadde ein anna glans i barndommen. Dei siste dagane før sjølve kvelden var uendeleg lange. Dei lengste timane heile året. Nå går tida mykje fortare. Det hjelper ikkje at klokka insisterer på at tida går akkurat like fort eller seint som før. Det vil seia: Vitskapeen har målt seg fram til at kloden snurrar nokre millisekund seinare eller fortare rundt sin eigen akse.

Les også:  - Dette er et resultat av overdreven toleranse for venstresidens galskap

Poenget er at me kjem til kort uansett kor mykje me strevar med våre realfag og algoritmer. Me trur me har kontroll og oversikt. Det har me ikkje. Naturen gjer som den vil, uansett. Let seg ikkje måla eller kontrollera.

Det andre poenget er at me har erstatta undringa med vitskap. Fakta. Undringa handlar om at me ikkje tek alt for god fisk. Nyheter til dømes. Media proppar oss med informasjon. Dette trur me på, heilt til me kikkar over gjerdet til andre røyndommar. Korleis ser ting ut frå eit anna perspektiv, frå utlandet, bygda eller historiebøkene? Historiefaget er ikkje nokon eksakt vitskap. Jada, det fins fasitsvar på ein del årstal, byar og datoar. Det verkeleg interessante spørsmålet vert ofte gløymt: Kvifor?

Les også:  Europa våkner til Grønlands geopolitiske tyngde

Det går som sagt mot jul. Eg er såpass gammal at det meste av forventningane frå barndommen har drukna i vaksenliv. Eg har feira jul i over sytti år, under skifande kår og forventningar. Jul kjem, og jul går. Deretter er det nyttår. Ny markering.

Biletet er teke frå utsida, etter at det var mørkt. Det viser ei enkel markering av jul. Stjerna handlar om bodskapen om det vesle underet som har vakse til ei verdsvid Kyrkje. Kyrkja er alle som har dette barnet som sin Kyrios, Herre. Dette underet let seg ikkje fanga inn av fornuften. Som det heiter i songen: Når eg i undring anar…

Les også:  Jon Helgheim: – Det er innvandringen som driver ungdomskriminaliteten

Mne skildringa av underet er nøktern: Det hende i dei dagar, då Kvirinius var landshovding. Det er ikkje sagn, ikkje myte. Det står fram som historisk, fortald med den tida sine historiske knaggar.

Til påske feirer me ein annan dimensjon ved dette underet.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå