Desinformasjon

Kampen mot såkalla «desinformasjon» har vorte eit påskot for sensur og innskrenking av ytringsfridomen. Når faktasjekkarar tek mål av seg til å overvaka ikkje berre fakta, men også meiningar og konklusjonar, står vi i fare for å mista både open debatt og den kritiske vitskaplege haldninga.

Av: Svein Grødaland.

Desinformasjon er «the establishment» sin terminologi omkring ikkje-autorisert innhald i media eller på nett.

Les også:  Politiet lot overgrepsbevis ligge i over to år: Mente gutten ikke kunne identifiseres, BT fant ham på minutter

Gro Harlem Brundtland har sagt det nokså treffande når ho klagar over at ein har mista kontrollen med kva folk vert fortalt. Så vart det etablert ein sensurinstans: Faktisk,no. Denne har ikkje berre kontrollert fakta, men også meiningar og konklusjonar under dekke av at desse er gjort på sviktande «faktagrunnlag».

Det handlar i prinsippet om eit monopol på informasjon og restriksjonar på fri debatt.

Les også:  Amerikansk grensevakt-topp Gregory Bovino kommer til Norgesdemokratenes remigrasjonskonferanse

Dette er ei grov nedvurdering av tenkjande menneske. Dei fleste av oss er i stand til å sortera ut reint vrøvl for å la relevante motspørsmål få plass.

Det andre er at vitskap ikkje er ein eksakt vitskap. Det er vitskapen sin natur å stilla spørsmål, ofte kritiske spørsmål. Det er slik vitskapen kjem vidare til ny kunnskap og erkjenning. Den debatten vert forsøkt låst ved at kritikk vert møtt med påstand om at ein ikkje trur på fakta og vitskap. Dette er i seg sjølv i strid med vitskapleg tankegang.

Les også:  Ahmad Mohammad Mutasem holdes fengslet etter Mossehallen-skytingen

***

Eg har med vilje lete vera å hengja bjølla på katten, peika ut område der «the establihment» er redd for kritiske spørsmål.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå