Den første valgomaten

Valgomaten er i gang, og for mange er det første møtet med årets politiske landskap eit lite sjokk. For Svein Grødaland viste testen at dei små partia no tronar øvst, medan dei etablerte har hamna i bakevja. Det får han til å tenkja nytt om kva ei røyst eigentleg er verdt og kven ho bør gå til.

Av: Svein Grødaland.

Sirkus demokrati er i gang. Eg har teke den første testen på valgomaten. Litt overraskande resultat, med fem såkalla mikroparti på topp. Først på sjetteplass kom det første av dei etablerte, neste på tiendeplass.

Les også:  Imperialisme

Heilt på botnen tronte dei mest uaktuelle; Høgre og Venstre.

Valgkamp er ikkje berre å argumentera for sitt parti. Ofte har valgflesk stikk motsett effekt; som partiet Venstre. Kvar gong leiaren der opnar munnen, er eg glad for at det fins andre parti. Ja til fullt medlemskap i EU og meir til krigen, både den i Ukraina og opprusting generelt, er «fy-saker» for min del. Me treng korkje medlemskap i EU eller meir våpen. Me var ein gong ein nasjon som kunne prata med alle. Me har mista den posisjonen etter å ha vore USA sitt lydige haleheng i alt for mange krigar. Me har så vidt opna kjeften ved å støtta ein palestinsk stat. Det er nok til at Israel er sur på oss, kallar heim ambasasdøren som straff.

Les også:  Venstrevridd politikk?

Ein gong i tida kunne både Israel og andre diskutera fred hos oss. Nå ser det ut til at Tyrkia har teke over rollen som fredsnasjon.

Nok om det. Det mest interessante med mine resultat i valgomaten, var mikropartia sin posisjon. Dei dominerte på toppen. Berre partiet Sentrum blanda seg inn i kampen om plassen nederst på lista, i lag med dei etablerte. Det har ikkje hendt før, for min del.

Les også:  [Langlesning] Et forsøk på å forstå mennesket og Israel-Palestina-konflikten

Då trur eg at eg ikkje skal vera så redd for å «kasta bort» mi røyst på eitt av dei små. Sjølv små og nystarta parti kan veksa seg store. Raudt starta med ein mann på Stortinget. Han gjorde ein god jobb. Ved neste valg hadde dei eit lite dusin representantar på Tinget. Det same kan skje med andre parti. Ingen partistruktur er hoggen i stein. Politiske parti kjem og går.

Avatar photo

Om skribenten: Leserinnlegg

Skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger.

Aktuelt nå