
Miljøkampen handlar ikkje berre om CO2 og forbruk, ho handlar òg om krig, øydelegging og dobbeltmoral. Det meiner Svein Grødaland, som i dette lesarinnlegget peikar på det paradoksale i at miljøpartia samlast for å meisla ut klimapolitikk utan å nemna den enorme klimabelastninga frå krig og militærvesen. Når kampvogner, bombar og gjenoppbygging tel som «blinde flekkar» i klimarekneskapen, vert heile politikken eit sjølvbedrag, meiner han.
Av: Svein Grødaland.
Dei ser ikkje skogen for berre tre. Dette handlar om evnen til å vera blind for det opplagte: At krig er meir destruktivt for klima (CO2-saka) enn all annan menneskeleg aktivitet.
Ei terrenggåande stridsvogn sluker drivstoff på linje med alle bilane i eit middels stort kvartal i ein by. I tillegg raserer den bygningar og infrastruktur på ein måte som sluker minst like mykje CO2 til å reparera skaden. Produksjon av sement skaper store utslepp av CO2. Berre tenk på all den betongen som treng for å byggja opp Gaza etter krigen.
Med andre ord: Eit miljøengasjement som ikkje tek krig og militærvesen med i reknestykket, er neppe verd å ta på alvor.
Nå samlast miljøpartiet seg på Fornebu for å meisla ut nok politikk til å passera sperregrensa. Sperregrense er viktig, for det betyr mange mandat til eller frå. Frå nedsida kjem det nokre små, svoltne parti som bit dei halvstore i hælen. Dei vil også over sperregrensa.
Miljøsaka handlar ikkje berre om CO2. Kanskje ikkje eingong først og fremst om CO2. Me bygger ned natur, raserer landskap, lagar heilt urealistisk politikk som kanskje bedrar ting ein stad, men til store kostnadar ein annan stad. Vindturbinar er ustabil kraft, skjemmer landskap og skader fuglelivet. Me kjøper oss miløpolitisk avlat ved å eksportera utslepp til andre land. Stortinget har nett rasert næringslivet i Finmark ved å halda fram med galskapen på Melkeøya. Det er ikkje nok straum både til Melkeøya og til å driva Finmark. Det kostar oss dyrt å overlata dette utsleppet til dei som kjøper gassen av oss. Men våre papir vert reine og blanke ved dette prokuratorknepet, eit reint papirarbeid utan effekt på eit samla bilete.
PS: Kina held på å utvikla thorium-reaktorar. Desse kan løysa mange problem ved å erstatta meir skadelege måtar å vinna ut energi. Det fins nok thorium til å vera sikra kraft for lange tider, også her i Norge. Mykje lenger enn eit kortvarig politisk perspektiv. Det er berre ei hake ved dette: Det er Kina som held på å løysa thorium-koden. Frå Kina kjem det ingen gode ting. (bortsett frå el-bilar) Sidan USA er livredd Kina, er dei også våre fiendar og fortener vår skepsis.